100% vikariat - personal- og HMS rådgjevar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig 100% vikariat som rådgjevar ved personal- og lønsavdelinga i Sogndal kommune frå snarast og fram til 31.12.2020. Arbeidsstad: Leikanger.
Avdelinga er organisatorisk plassert under kommunalsjefområdet stab/støtte med om lag 8 tilsette. Vi har ansvar for drift og utvikling av løns- og personalarbeidet i kommunen. Innanfor dette fagfeltet skal vi leggje til rette, støtte og utføre oppgåver for alle tenesteområda i kommunen. Vi har fokus på å nytte digitale verktøy i arbeidet. Vi er inne i ein spennande fase i oppbygging av ny kommune der både organisering, rutinar, lokale reglement og oppgåver vert samordna, eit spennande arbeid som vi håpar du vil vere med å utvikle.
Hovudarbeidsoppgåver:
• Rådgjevar for leiarane i arbeidet med å utvikle og følgje opp gode system og rutinar for
helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet.
• Ha fokus på førebygging og oppfølging av sjukefråvær samt delta som rådgjevar ved tilrettelegging av arbeid for arbeidstakarar med redusert arbeidsevne.
• Kontaktperson for vernetenesta og arbeidsmiljøutvalet.
• Halde seg oppdatert i reglement, lov- og avtaleverk med særskilt vekt på arbeidsmiljø
• Anna arbeid i personal- og lønsavdelinga
Kvalifikasjonar:
Høgskuleutdanning innan fagområdet. Arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter deg som kan arbeide sjølvstendig, samarbeide godt med tilsette i avdelinga, ute i tenestene, med tillitsvalde og vernetenesta.
Du er strukturert, handlekraftig og har god arbeidskapasitet.
Vi tilbyr:
• Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø, høve til personleg utvikling og faglege utfordringar.
• Fleksibel arbeidstid
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar
• Løn etter kvalifikasjonar i samsvar med hovudtariffavtalen
• Vi nyttar i dag programvara Visma HRM og kvalitetssystemet TQM.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Dagrun Røysum , Tlf: 57652562, Epost: Dagrun.Roysum@sogndal.kommune.no
Om bedriften
Sogndal kommune ligg ved Sognefjorden i Vestland fylke og har vel 11.700 innbyggjarar. Kommunen er ein tilflyttingskommune og har god vekst i folketalet. Sogndal er regionsenteret i Sogn og skal vera ein motor for vekst og utvikling i regionen. Både studentar og turistar finn vegen hit - og mange har funne draumeplassen i ein kommune med flott natur, gode lokalsamfunn og attraktive arbeidsplassar.