Sjukepleiar, 88,73% fast
Ledig fast sjukepleiarstilling heimebasert tenestar 88,73%, med base i Skånevik. Ledig frå 24.08.2020
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiaroppgåvar heimebasert tenesta.
Dokumentasjon i Profil
Arbeid i primærgrupper
Samarbeid med pårørande
Godt teamarbeid
Utviklingspådrevar for avdelinga
kompetanse:
Godkjent sjukepleiar
Gode datakunnskap
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Sertifikat Klasse B
Personlege eigenskapar
Me leitar etter deg som har eit positivt syn på livet og eit godt humør
Har god fagleg innsikt og tryggleik
Er besluttningsdyktig og sjølvstendig
Har gode evner til samarbeid, koordinering, delegering og kommunikasjon
Tør ta ei utfordring
Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.
Annan informasjon
25.000 over tarifflønn
4 veker samahengande ferie om sommeren
MOT kommune
godt arbeidsmiljø
fokus på personleg utvikling og læring
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.