Fast stilling som veterinær
Stillingsannonsen er inaktiv.Avdeling Sunnmøre
Nedre Klokkersundvegen 2, 6015 Ålesund
Org. nr: - Stillingsident: 4292870572 Presentasjon av stillingen:
Vil du verte vår nye medarbeidar? Vi har ledig ei fast stilling som veterinær ved avdeling Sunnmøre, med kontorstad i Ålesund. Tiltreding etter avtale.
Avdeling Sunnmøre har 3 kontorstadar, i Ålesund, Ørsta og på Stranda. Avdelinga ligg i eit område med vakker natur, og det er lagt godt til rette for fine naturopplevingar både på sjø og fjell. Avdelinga har 2 seksjonar og om lag 32 tilsette. Vi har mange sjømatprodusentar, som gjer at vi har betydelege oppgåver knytt til sjømattilsyn, eksport og import av sjømat. Vi har og betydelege arbeidsoppgåver innan næringsmiddeltilsyn generelt, samt tilsyn med landdyr og akvakultur. Vi har eit heilårsslakteri på Hellesylt og eit naudslaktmottak på Stette.
Arbeidsoppgaver
Hovudoppgåvene vil i hovudsak vere grensekontroll, kjøttkontroll og tilsyn i felt og sakshandsaming innan dyrehelse og dyrevelferd. Akvakultur vil også vere aktuelt arbeidsfelt. Du må rekne med å arbeide i heile tilsynsområdet vårt, og kunne møte på dei andre kontorstadane etter avtale. Andre oppgåver kan og bli aktuelle ut i frå behov og prioriteringar i avdelinga eller regionen. I region midt er det eit utstrakt samarbeid mellom avdelingane for å løyse oppgåvene på best mogeleg måte. Det betyr at du kan bli beden om å bidra med arbeidsoppgåver ut over eiga avdeling.
Kvalifikasjoner
Du er veterinær med norsk autorisasjon
Du har relevant arbeidserfaring som veterinær eller du er nyutdanna
Du har god norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Du har førarkort klasse B. Kontoret disponerar tenestebil
Personlige egenskaper
Det vil bli lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar som viser at du er:
- fleksibel og strukturert
- løyser faglege problemstillingar sjølvstendig og i team med andre
- har evne til å takle upårekna situasjonar og er løysingsorientert
- har gode datakunnskaper og god evne til å tilegne deg nye datasystem
- er engasjert og har godt humør
- er til å stole på, og bevisst på dine haldningar og rolle i arbeidet
Vi tilbyr
- gode kollegaer og godt tverrfagleg arbeidsmiljø med høg effektivitet
- utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- kurs og erfaringssamlingar for å auke kompetansen
- eit nytilsettprogram, som har som mål å sikre ein god start
- løn som førsteinspektør (kode 1498) med årsløn frå kr 500.000 til kr 590.000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør (kode 1499) og høgare løn verte vurdert
- gunstige avtalar for lån og pensjonssparing i Statens Pensjonskasse
Slik søkjer du
Når du sender inn søknaden din, gjev du opplysninger om referansar og legg ved vitnemål og attestar.
Mattilsynet er oppteken av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Mattilsynet utan omsyn til alder, kjønn, redusert funksjonsevne, hol i cv, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kristin Ness, Avdelingssjef, 97005003
Arbeidssted
Nedre Klokkersundvegen 2
6015 Ålesund
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Avdeling Sunnmøre
Referansenr.:4292870572
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Avdeling Sunnmøre
Adresse
Nedre Klokkersundvegen 2, 6015 Ålesund
Mattilsynet skal bidra til trygg mat og trygt drikkevatn, og trygg og miljøvennleg matproduksjon. Tilsynet skal også bidra til å fremme god helse hos planter, fisk og dyr, og god dyrevelferd og respekt for dyr. Mattilsynet er eit sjølvstendig statleg tilsynsorgan som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Mattilsynet har om lag 1400 tilsette og er organisert med eit direktorat og fem regionar. Regionane utfører tilsyn gjennom å vere tilstades rundt om i landet. Les meir her: www.mattilsynet.no
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. oktober 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4292870572_Avdeling Sunnmøre_webcruiter
Stillingsnummer: 3452dfeb-5980-48c6-9a08-ea033160433f