Vi søkjer etter 50% Kantor/Organist/Kyrkjemusikar
Den utlyste stillinga gjeld i hovudsak teneste i Oppstryn, Nedstryn og Loen kyrkjer, og ansvar for kyrkjemusikken i desse tre sokna.
- Oppstryn kyrkje, tømmerkyrkje frå 1863. Olsen og Jørgensen orgel frå 1913 med 5 stemmer. Elektronisk orgel frå 1998, Rodgers 535 med 29 stemmer. Piano.
- Nedstryn kyrkje er ei tømmerkyrkje frå 1859. Elektropneumatisk Jørgensen orgel frå 1959 med 17 stemmer. Piano.
- Loen kyrkje, tømmerkyrkje frå 1838. Mekanisk Spigseth orgel frå 1977 med 6 stemmer. Piano.
Ein vert tilsett i heile fellesrådsområdet, og må rekne med noko arbeid og i dei andre kyrkjene.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre gudsteneste, gravferder, vigsler og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab
- Inspirere til variert og breitt musikalsk uttrykk i gudsteneste og anna kyrkjelydsarbeid
- Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sine instrument
- Organisere vaktlister/vikarar ved frihelgar og feriar for alle organistane i fellesrådsområdet
- Andre oppgåver kan bli aktuelle
Kvalifikasjonar:
- Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant utdanning/røynsle
- Allsidig orgel- og pianodugleik
- Kunne meistre ulike musikalske uttrykksformer
- Røynsle frå kyrkjelydsarbeid og kjennskap til norsk gudstenesteliv
- Kunne kommunisere godt på norsk – både skrifteleg og munnleg.
- Lojalitet til kyrkja sine grunnverdiar og visjon
Personlege eigenskapar:
- Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillege og stab
- Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr:
- Spennande stilling i eit godt arbeidmiljø
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Anna:
- Må vere medlem i Den norske kyrkja
- Må disponere bil
- Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjinga
For spørsmål om stillinga:
Kyrkjeverje Kari Synnøve Muri
Sokneprest Henny Koppen, tlf. 91601630
Om bedriften
Stryn kommune ligg inst i Nordfjord og har ca. 7200 innb.
I Stryn kyrkjelege fellesråd er det åtte sokn: Randabygd, Nordsida, Oppstryn, Nedstryn, Loen, Olden, Innvik og Utvik.
Både trusopplæringsplanen og tenesteordninga for prestane legg opp til eit utstrakt samarbeid mellom kyrkjelydane. Vi har stabil bemanning med følgjande stillingar: tre sokneprestar, fire organistar (deltid), kateket, kyrkjelydspedagog/trusopplærar (1,6 still.), samt kyrkjetenarar, kyrkjegardsarbeidarar og sekretærar.
Meir informasjon finn du på heimesida.