Stillinger og vikariat på Service og samferdsel
Bryne vidaregåande skule Bryne vidaregåande er ein av dei største vidaregåande skulane i landet med om lag 2000 elevar og 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Satsingsområda våre er vurderingspraksis og fagfornying. Frå 01.08.2019 ønskjer me å tilsette lærarar i: Inntil 230% fast stilling med undervisning i ulike programfag innanfor programområdet service og samferdsel. Funksjon som kontaktlærar kan og bli lagt til stillinga. Inntil 90% vikariat frå 01.08.2019 til og med 31.07.2020 med undervisning i ulike programfag innanfor programområdet service og samferdsel. Kvalifikasjonskrav:
- Me ynskjer at den som vert tilsett har kompetanse i fleire av desse faga: sikkerhetsfaget, salsfaget, IKT-faget og/eller marknadsføring/økonomi.
- Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
- Godkjent politiattest
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne
Arbeidsoppgåver:
- I stillingen har du ansvar for det pedagogiske arbeidet, saman med andre kollegaer på service og samferdsel
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga undervisning
Me ynskjer:
- Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein tilsett som er open, samarbeidsorientert, kreativ og har godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
- At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over eigen praksis saman med elevar og kollegaer
- Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Service og samferdsel
- At du er personleg skikka vil bli vektlagt
Skulen tilbyr:
- Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
- Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
- Løn etter avtale
Kontaktperson: Avdelingsleiar for service og samferdsel: Øyvind Opdal: 90 96 29 32 oyvind.opdal@skole.rogfk.no Søk på stillingen
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4000 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!