Ambulansearbeidar i Helse Fonna - Helse Fonna HF
Ambulansetenesta i Helse Fonna har ledige fast 100% stilling som ambulansearbeidar i Vindafjord. Det kan bli ledige stillingar ved andre stasjonar i Helse Fonna som følgje av interne tilsettingar. Skriv derfor i prioritert rekkefølgje kvar du ønskjer å arbeide.
Ambulansetenesta i Helse Fonna består av 10 ambulansestasjonar i Nord- Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. Stasjonane er lokaliserte i kommunane Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Suldal, Sauda, Odda, Tysnes, Kvinnherad, Stord og Bømlo. Tenesta har omlag 160 tilsette.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og autorisasjon i ambulansefag
- Bestått tenesta sine fysiske krav, gyldig attest
- Sertifikat kode 160 og C1. Dersom ein søkjar ikkje har C1 må det takast umiddelbart etter tilsetjing, for eiga rekning. Søkjarar med lokal tilknytting kan bli prioritert.
Utdanningsretning
- Ambulansefag
Utdanningsnivå
- Fagskole / Fagbrev
Personlege Eigenskapar
- Vi vil legge vekt på god fysikk
- Evne og vilje til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Positiv og hjelpsom over for pasienter, kollegaer og samarbeidspartnerar
- Ansvarleg, kvalitetsbevisst og fleksibel
- Fagleg engasjert
- Løysningsorientert, strukturert og ryddig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Tilsette som hevdar fortrinn må tilkjennegi dette i søknaden
- Vi kan tilby eit spennande arbeidsmiljø i ei teneste i utvikling
Kontaktinformasjon
Sven Ytreland, Seksjonsleiar, (+47) 52 73 26 78
Nelly Karin Særsten Oma, fungerende seksjonsleiar, (+47) 97526516
Arbeidsstad
Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Fonna HF
Ref. nr.:4025072995
Fast heltid, Vikariat heltid
Startdato: 18.03.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4025072995&company_id=1099416748&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Vi behandlar årleg nærare 230.000 pasientar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS, og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, følg oss gjerne på Facebook.