ID 1941 Avdelingssjukepleiar - Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har ledig fast stilling som avdelingssjukepleiar frå 01.04.23.
Stord sjukeheim har 117 rom fordelt på 6 avdelingar. I tillegg har vi mottakskjøken og fellesstove med aktivitør.
Ledig stilling er i avdeling Gullskar som er ei demensavdeling med to grupper. Avdelinga har 17 plassar for personar med moderat til langt komen demenssjukdom. I tillegg til drift av avdeling Gullskar ligg personalansvar for Stord sjukeheim sin faste vikarstab til stillinga. Her er fast tilsette som har fast turnus, men som arbeider på heile huset, der behovet er størst.
Avdeling Gullskar er Stord sjukeheim sin nyaste avdeling, og ein aukar gradvis faste plassar i avdelinga dei neste par åra. Ledig kapasitet vert nytta til pasientar som bur i avdelingar med oppussingsbehov, slik at avdelinga har tilnærma full drift.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Avdelingssjukepleiar har personalansvar for dei tilsette og fagleg oppfølging av avdelinga. I dette ligg det å følgje opp sjukeheimen sine målsettingar, delta aktivt i leiargruppa og ta felles ansvar for institusjonen sin faglege og økonomiske utvikling. Avdelingssjukepleiar har ansvar for å legge til rette for dagleg utføring av sjukepleiarprosedyrar, dokumentasjon, pleie og behandling for kvar einskild pasient og godt samarbeid med andre deler av helsetenestene.
Som personalansvarleg skal ein arbeidde målretta for eit godt arbeidsmiljø, motivere og rettleie personale og legge til rette for medverking i utarbeiding av turnus og arbeidsfordeling.
Me ynskjer å knytte til oss ein sjukepleiar som har lyst til å vere leiar og samstundes trivst med administrative oppgåver. Du må vere komfortabel med å nytta dataprogram som arbeidsverktøy. Vi ser etter ein kollega som både er god på å motivere medarbeidarane, trivst med å samhandle med andre og som kan prioritera bruk av eiga tid.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar.
- Vidareutdanning og/eller erfaring frå leiing vil vere ein fordel.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.