LIS3 Psykisk helsevern poliklinikk
Org. nr: - Stillingsident: 4400904251 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig stilling for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam på allmennpsykiatrisk poliklinikk Folgefonn DPS på Valen.
Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 22 000 innbyggjarar.
Poliklinikken er fordelt på 2 lokasjonar, Valen og Odda. Poliklinikken har tilsatt 2 overlegar i psykiatri, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykologar, spesialsjukepleiarar og klinisk sosionom. Det er gode samarbeidstilhøve mellom poliklinikk, ambulant eining og døgnpostar med sikte på å tilby eit heilskapleg og tverrfagleg behandlingstilbod.
Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykolog og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse områda:
Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar,
Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
Allmennpsykiatrisk poliklinikk.
Helse Fonna HF legg til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
- Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
- Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer bla. treningspoliklinikk og strukturert dagbehandling
- Det er felles forvaktteneste med Valen sjukehus
Kvalifikasjonar
- Godkjent medisinsk embetseksamen.
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande
- Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
- Gode språkkunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter ein pasientorientert medarbeidarar med evne til å arbeide strukturert
- Gode kommunikasjonseevner
- God teamarbeidar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsording, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffa bustad
Kontaktinformasjon
Dag Gunnar Milje, Seksjonsoverlege, Poliklinikkleiar, 004753466590, dag.gunnar.milje@helse-fonna.no
Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, 53 46 64 12, hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 15
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4400904251
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.08.2021
Søknadsfrist: 24.06.2021
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og elleve ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.