ID 1889 Pianolærar – Eining for kultur
Kulturskulen ved eining for kultur har ledig vikariat som pianolærar i inntil 85%
Om stillinga:
Me søkjer etter allsidig lærar som kan undervise i piano. Det kan vere aktuelt at det i stillinga inngår arbeidsoppgåver, som akkompagnement og gruppeundervisning i musikk (musikk-karusell). Undervisninga er i hovudsak lagt til ettermiddagstid og det er elevar i alle aldrar og vaksne.
Kulturskulen har fast fellestid to dagar i veka, i 85% stilling forventast det deltaking på desse.
Lærarane har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet. Stord kulturskule er organisert under eining for kultur og held til i Stord kulturhus.
Kvalifikasjonskrav:
- Me søkjer etter allsidig pianolærar med minimum bachelorutdanning eller anna relevant utdanning.
- Det er ynskjeleg at søkjar har pedagogisk utdanning.
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Me tilbyr:
- Eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, + 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.