100% fast sjukepleierstilling på somatisk avdeling
Ingebjørg sitt i stolen ved vindauget på rommet sitt, og kikkar utover bygda. Hendane er pent foldet i fanget over det gamle heklede teppet. På bordet står brudebilete. Ingebjørg føler seg ung, energisk og lykkeleg, med perfekte, mjuke bøljger i halvlangt hår. Mannen, Hans, må ha vore ein av de strammaste karane frå Eikjabygda. Ingebjørg snurrer kjærleg på gifteringen. Ho kviknar til i det eg bankar på den åpne døra. Augene lyser opp når ho ser meg.
Ingebjørg er 86 år og den yngste i syskjenflokken på fire. Ho har budd heile livet sitt på Langkåshaugen i Bø og er den siste svana i syskjenflokken. Ektemannen Hans har også vandret ut av tiden. Ingebjørg har Alzheimer, og huskar lite av det me har gjort i dag og dagane før, men minna frå barndommen er sterke. Ingebjørg er mor, bestemor og oldemor. Akkurat i dag er ho mest veslesyster, og gler seg over det. Samtalane med Ingebjørg gir ho ein bekreftelse på kven ho er, og kven ho har vore. Dei gir ho både glede og livskvalitet - dei gir ho trygghet og en samanheng i livet. Sjølv i livets ankeretappe.
Som sjukepleiar i eldreomsorgen får du brukt heile deg. Både hjarte og hjerne må til for å vise heilhetleg omsorg, for når du blir kjend med Ingebjørg, vil du verkeleg kunne sjå hennar store og små behov. Ingebjørg vil aldri bli frisk eller kunne ta vare på seg sjølv att. Helsa vil skrante, livet til Ingebjørg vil ebbe ut. Nøyaktig når og korleis, er vanskelig å sei, men underveis vil du bli møtt av en rekke sjukepleiefaglege utfordringer, og som sjukepleiar er det spanande å kunne bidra til at Ingebjørgs verden er så smertefri, god og meiningsfull som mogleg. Alle dagane i livet teller.
Bø sjukeheim skal vera ein plass der Ingebjørg og dei andre bebuerane får økt livskvalitet i kvardagen og det skal vera ein flott stad å bu, besøke og arbeide. Bebuerromma er romslige og personlege med eiget bad, dei har masse dagslys og varme. Kvar avdeling har og ei fellesstoge der dei kan nyte måltider i fellessskap.
Hos oss har me ein korttidsavdeling og fire langtidsavdelingar innan somatikk. Kvar dag er det sjukepleiarar på jobb som ikkje er fast på avdeling, men jobber "på toppen" med fokus på sjukepleiaroppgåver. Andre dager jobbar du på avdelinga til Ingebjørg tilsamas med ein helsefagarbeider.
Me ynskjer at alle ansatte skal jobbe 100% stilling. Me meiner at ein slik organisering med heiltidskultur gir økt kvalitet i tjenesten og meir fornøgde medarbeidere.
Dersom du har nokre spørsmål ynskjer Ingebjørg at du tek direkte kontakt med bestyrerinna, Mona Storkaas Kløcker.
Arbeidsoppgåver
Ingebjørg seier at du må ha varme hender og eit godt hjerte.
Ingebjørg har diabetes og er revmatisk, så ho treng at du har forståelse for at det går litt sakte og at ho treng tid, men at du samtidig kan vera rask på labben dersom blodsukkeret er for lågt. Ho treng også at du som sjukepleiar brukar ditt kliniske blikk for å vurdere, diagnostisere og iverksette tiltak.
Ingebjørg høyrer dårleg, så hun treng at du snakkar på ein måte som gjer at hun forstår, at du evnar å formidle, sjølv når orda ikkje når fram.
Ingebjørg må føle seg trygg, og trenger derfor at du har evner til å setta deg inn i ny teknologi og alskens duppeditter slik at ho får den hjelpa ho trenger.
Ingebjørg vil at du ser verdien av personsentrert omsorg og livshistoriekartlegging, slik at ho kan få kvardagen tilpassa etter hennar interessar og ynskjer, og på eit nivå som ho mestrar. Ho vil og at du legg til rette for brukarmedverknad.
Ingebjørg blir veldig glad for at du vil jobbe 100%, fordi det skaper forutsigbarhet, også for hennar pårørande.
Vi tilbyr
Ingebjørg tilbyr deg morsomme og rørande historier frå eit levd liv
Som sjukepleiar hos oss vil du møte eit bredspektret landskap av diagnosar, dette er ein unik moglegheit til å opparbeide seg erfaring og kompetanse.
Du vil få faglig utvikling på avsatte fagdager i turnus, og få vera med å utvikle organisasjonen til det beste for våre bebuerar.
Institusjonslege med legevisitt to dager kvar veke
Tverrfagleg samarbeid med vekentlege møter
Kurs og moglegheiter for videreutdanning
Todelt turnus med langvakter kvar 4.helg
Kantine for ansatte og bebuerar
Gratis parkering
Bø sjukeheim ligg sentralt til i Bø.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar
Ynskjeleg med relevant videreutdanning, for eksempel geriatri
Du må ha god digital kompetanse, inkludert god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy og kvalitetssystem
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personleg egnahet vil bli vektlagt.
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Må leverast før oppstart i stilling.
E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark.
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Rettkjend kopi av attestar og vitnemål leverast i forbindelse med intervjuet.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.