Vikar psykisk helse og rus, 100 % stilling
Då ei av våre tilsette hjar eit års permisjon har vi ledig vikariat på eining for helse og velferd i 100% med snarleg tiltreding.
4540 ÅSERAL
Referansenr.:4604275769
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.02.2023
Arbeidsoppgaver
Åseral kommune har ledig 100 % vikariat i psykisk helse og rus, med snarleg tilsetting. Stillinga har kontorplass på helsehuset, og har dagarbeidstid. Arbeidsoppgåvene er svært varierte, og det er tett samarbeid med ulike instansar. Det er brukarar med langvarige koordinerte tenester, moderate utfordringar og kortvarig behandling, i tillegg til forebygging og ettervern. Vi arbeider med pasient/bruker i bedringsprosessar og med brukerperspektiv i sentrum.Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning innan helse og omsorg - sjukepleiar, vernepleiar, sosionom
- Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helse/rus/familieterapi
- Erfaring frå fagfeltet
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode ikt-kunnskaper og evne til å lage målretta behandlingsplaner
- Førekort klasse B, og må kunne disponere egen bil i tenesten
- Politiattest må framleggast (ikkje eldre enn 3 mnd)
Personlige egenskaper
Vi ønsker ein medarbeider som bidreg i eit godt arbeidsmiljø, og som kan arbeide sjølvstendig og målretta. Fleksibilitet, evne til samarbeid, empati og evne til å sette pasient/brukar i sentrum, er eigenskaper vi ser etter.Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Mulighet for fagleg og personleg utvikling
- Varierte og meiningsfulle oppgåver
- Nettverkssamarbeid i setesdalsregionen
- Løn etter lov og avtaleverk
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, 41322847Arbeidssted
Gardsvegen 684540 ÅSERAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Åseral kommuneReferansenr.:4604275769
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.02.2023
Om bedriften
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival mange tilreisande til bygda. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.