Livsglad jente søkjer BPA-assistent i Valldal
Eg heiter Anne-Sofie, er 22 år gamal og frå beste plassen på jord. No har det seg slik at eg har ei hjerneskade, som gjer at eg har behov for hjelp i kvardagen for å kunne leve eit liv i fridom.
Eg ser for meg to stillingar på 35 prosent fast, samt ei tilkalling.
Er du den rette assistenten for meg?
Ditt arbeid blir å hjelpe meg i heimen og følgje meg dit eg skal, anten det er til arbeid eller på aktivitetar. Du legg tilrette for at eg meistrer daglegdagse oppgåver og hjelper meg å passe tida.
Eg ønskjer at du er serviceinnstilt, strukturert og ser gleden i å hjelpe andre. I tillegg er eg avhengig av at du er fleksibel, og ikkje redd for å stå opp tidleg på morgonen.
Har du slike eigenskapar, er det fint om du likar:
· Reinhald
· Matlaging
· Å følgje til aktivitetar
· Å være med når eg skal trene
· Å ta initiativ til turar og aktivitetar
Du blir på sett og vis en vegleiar for meg, sidan eg meistrar mange oppgåver til eit visst punkt.
Arbeidstida vert i hovudsak kvardagar på morgonen frå 0630-0830, samt seinare på dag frå 1430-2200.
Sidan ein del av arbeidet inneber kjøyring, må du ha førarkort klasse B, samt moglegheit til å disponere eigen bil. Du treng og plettfri politiattest for å jobbe hos meg.
Høyrast dette interessant ut, synes eg du skal søkje stillinga. Du er spesielt aktuell om du er dame, og snakkar og forstår norsk.
Om bedriften
Prima Assistanse er en del av Prima Omsorg AS som tilbyr assistanse-, helse- og omsorgstjenester. Prima Omsorg AS er et anerkjent privat firma som har som formål å tilrettelegge tjenester med høy kvalitet som passer den enkeltes behov. Vi har hovedkontor i Oslo og avdelingskontor en rekke steder i landet. For mer informasjon se www.primaassistanse.no