Avlastningsheim søkjast for familie med særskilte behov. Ønskje om snarleg oppstart.
Stillingsannonsen er inaktiv.Vågå kommune
Vågå kommune
Vågå Kommune har fleire tiltak for barn og unge, eit er "besøksheim og avlastningsheim". Dette er eit tilbod både der omsorgspersonar har behov for avlastning i samband med barn med særskilte behov, og der omsorgspersonane sjølve har visse utfordringar og treng avlastning for blant anna å ta barna med på fritidsaktivitetar.
Vågå Kommune ser etter personer som kan bistå med avlastning for ein familie. Avlastningsheimen har til formål å gjeva omsorgsytar avlastning i kvardagen. I dette tilfellet er det ønskjeleg med eit par, gjerne med større barn men dette er ikkje eit krav. Brukaren er ein ungdom.
Oppdraget vil foregå i avlastarfamilien si heim i hovudsak på helg, frå fredag etter skuletid til søndag ettermiddag (omlag 1 helg per månad). Det kan i tillegg vera aktuelt på ettermiddag utanom helg og i ferier. Oppstart:
Snarast.
Brukarens interesser:
- Sykling
- Enkelt handarbeid
- Bilturar
Kvalifikasjoner:
Det er ikkje krav om noko formell utdanning, men er ein føresetnad at avlastningsheimen er stabil og kan binde seg for minimum 1 år. Det er ønskjeleg at avlastningsheimen har barn og/eller dyr. Det blir stilt krav om politiattest, som ikkje er eldre enn 3 månader for alle over 18 år i avlastningsheimen. Personleg eignaheit blir lagt vekt på.
Dykk er:
- glad i å finne på ulike aktivitetar. Jenta er blandt anna veldig glad i å sykle om sommaren.
- trygge på dykk sjølve og bevarar roen i krevjande situasjonar
- løysningsorienterte
- positive og tålmodige
- allsidige og fleksible
- ansvarsfulle
- tydelege i kommunikasjon på norsk
- må kunne arbeide etter oppsett arbeidsplan
Ein i avlastningsfamilien innehar førarkort klasse B.
Opplæring:
Nødvendig opplæring blir gjeve.
Avtale:
Tilsetjingsavtale vert inngått med Vågå kommune og tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regler og avtaler. Lønnsgodtgjersle og utgiftsdekning blir gjeve etter kommunens satsar, jfr. særavtala for avlastare.
https://www.ks.no/globalassets/fagomrader/lonn-og-tariff/tariff-2019/SGS-1030-avtaletekst-01-01-2020-31-12-2020.pdf
For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Guro Einbu, guro.einbu@vaga.kommune.no eller 97052650.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 07.03.2021
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, Jf. Off.lova§25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vågå kommune
Adresse
Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. mars 2021
Hentet fra: Vågå kommune
Referanse: 44695
Stillingsnummer: 3301c7f4-78b8-4cf7-be91-450c19ddb62c