Avdelingsleiar for byggesak og geodata - 100% fast
Vi søkjer
Til Sektor samfunnsutvikling søkjer vi etter leiar for kommunen si avdeling for byggesak og geodata. Dette omfattar bygge- og delingssaker, oppmålingstenester, offentleg kartgrunnlag, miljøretta helsevern, forureiningssaker og eigedomsskatt samt strategiar, dispensasjonar, pålegg og påbod innafor desse fagfelta.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Fag- og personalleiar for pt. 10 medarbeidarar
- Deltaking i leiargruppe på sektornivå
- Førebuing, gjennomføring og oppfølging av vedtak og tilsynsoppgåver
- Fagansvar for kommunale oppgåver etter aktuelt lovverk (plan- og bygningslova, matrikkellova, forureiningslova m.v)
- Utgreiingsarbeid
- Koordinering og gjennomføring av politiske prosessar knytt til saksfeltet
- Oppfølging og utvikling av sjølvkostordningane for fagfelta
- Kontakt og samarbeid med andre myndigheiter, søkjarar og næringsliv
Arbeidsstaden er for tida Kvinnherad rådhus, Rosendal.
Våre forventingar til søkjar
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Arbeidserfaring frå eitt eller fleire av fagområda
- Erfaring med fag- og personalleiing
- Innsikt i økonomiske tilhøve
- Førarkort og tilgang til privatbil
Personlege eigenskaper
- Trivst med å vera synleg og er entusiastisk og kontaktskapande
- Kreativ og løysingsorientert
- Ansvarsfull og med særs gode samarbeidsevner
- Sterk motivasjon for denne typen arbeid, og fleksibel i forhold til arbeidstid
- Gode strategiske evner
- God til å kommunisere både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.