Ledig stilling:
Stillingsannonsen er inaktiv.Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne
Likar du å vera kreativ og jobba på ein utfordrande arbeidsplass, så har me ein spanande jobb for deg.
Etne kommune, eining helse, har ledig fast stilling som helsefagarbeidar i miljøarbeidstenesta.
Stillinga er ei helgestilling med langvakter kvar 4. helg.
Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. Tenesta er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustad knytt til personalbase. Me gir og tenester til andre personar som bur rundt i bygda. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år. Tenesta har ca. 6,5 årsverk fordelt på vernepleiarar, pedagog og sjukepleiar og ca. 16 årsverk fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene, fagleg og personleg utvikling.
Arbeidsoppgåver:
- Ha fokus på brukarmedverknad
- Jobba aktivt i eit utfordrande og spanande fagmiljø
- Dokumentasjon
- Samarbeid med anna personale.
- Legemiddelhandtering
- Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar, anna relevant kompetanse/erfaring kan verta vurdert.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Tidlegare erfaring frå miljøarbeid vil bli føretrekt.
Eigenskapar:
- Du ser løysingar, tar utfordringar og likar å vera på ein arbeidsplass som er i endring.
- Du har eit positivt syn på livet.
- Har god fagleg innsikt og tryggleik.
- Du klarar å ta avgjersle i ein hektisk kvardag og likar å jobba sjølvstendig.
- Har gode evner til samarbeid, koordinering, delegering og kommunikasjon.
- Du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet.
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.
Annan informasjon
- Du må ha førarkort kl B.
- Den som vert tilsett må visa godkjent politiattest.
- Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Adresse
Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne
Om stillingen
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, 21,48% fast
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. desember 2022
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 3063285_214835_nn
Stillingsnummer: 32d9e07b-240c-40cb-899a-6d3f590857b4