Sjukepleiar/ spesialsjukepleiar
Ønskjer du å jobbe i ei spennande avdeling med høgt tempo, høgt fagleg og tverrfagleg samarbeid? Då oppfordrar vi deg å søkje på våre ledige stillingar. Vi er ein positiv gjeng som ønskjer oss nye kollegaer. Er du fagleg orientert, fleksibel og ser verdien av tverrfagleg samarbeid er du den vi ser etter!
Vi har no ledig to faste stillingar og eit vikariat for sjukepleiar/ spesialsjukepleiar frå snarast.
Akuttmottaket i Kristiansund har ansvar for mottak av pasientar inn til sjukehuset. Akuttmottaket betener òg overgrepsmottak og skadepoliklinikk. Vi har ein ny oppstarta korttidspost med 3 senger, Akutt 12. Akuttmottaket er bemanna med spesialsjukepleierar og sjukepleierar.
Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Mottak av akutt sjuke pasientar
- Skadepoliklinikk
- Overgrepsmottak
- Halde deg fagleg oppdatert i avdelinga si kompetanse- og læringsportal
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskjeleg med vidareutdanning eller erfaring innan akuttmedisin
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregående skule, må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og kvalitetsfokusert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du trivast i eit aktivt og hektisk miljø
- Du er ein bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å ta raske beslutningar og arbeide effektivt ved høg aktivitet
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Marianne Sæther Røvik, Konst. seksjonsleiar, Marianne.S.Rovik@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4559198612
Stillingsprosent: 75, 100%
Vikariat, Fast
Startdato: 03.10.2022
Sluttdato: 30.09.2023
Søknadsfrist: 16.10.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal