Psykolog / Psykologspesialist
Stillingsannonsen er inaktiv.Spesialisert behandling seksjon Valen, Helse Fonna HF
5451 Valen
Org. nr: - Stillingsident: 4380251010 Presentasjon av stillingen:
Valen Sjukehus har ledig 2 års vikariat ved lokal Sikkerhetspost/AST, 100% stilling
Spesialisert behandling Valen sjukehus
Valen sjukehus ligg under Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna. Ved sjukehuset er det 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit ambulant sikkerhetsteam (AST). Sikkerhetsposten er ein lokal sikkerhetspost for regionen Nord-Rogaland, Sunnhordland og Indre Hardanger. AST er knytt opp til denne posten. Faggruppa ved Sikkerhetsposten omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykolog , lis.lege, sosionom, psykiatriske sjukepleiarar , aktivitør og miljøpersonell. Psykolog ved posten har permisjon frå medio august i samband med spesialisering.
Lokal sikkerhetspost /AST
Sikkerhetsposten har 9 døgnplassar . Pasientane er i hovudsak innlagt etter Lov om tvunge psykisk helsevern. Eininga tek og imot pasientar som er dømd til behandling. Dei fleste pasientane har trong for behandling og rehabilitering som varer over tid, frå nokre månader til fleire år i særskilde høve. Diagnostisk omfattar pasientgruppa primært spekteret frå psykotiske tilstander innan schizofrenispekteret, bipolar liding, rusutløyste psykosar, reaktive polymorfe psykosar og ulike former for personlegdomsavvik. Angst og depresjon, tilbaketrekking og kontaktvanskar pregar dei fleste.
Posten er med i kvalitetsforbedringsprosjekt som omhandlar implementering av a recovery tilnærming i sikkerhetspsykiatrien. Fokus er på å styrke det miljøterapeutiske arbeidet i avdelinga i retning mestring og autonomi.
Til posten er det knytta ein poliklinikk i form av Ambulant sikkerhetsteam. AST har ansvar for valdsrisikovurderingar og sinnemstringskurs. AST yter tenester med oppfylging av utskrivne pasientar. Dette arbeidet omfattar individuell oppfylging av pasient, samt rettleiing til lokale oppfylgingstenester ved DPS og kommunar i heile Hele Fonna sitt opptaksområde.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av innlagte pasientar
- Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern (om ikkje, vil ein legge til rette for vidareutdanning og tileigning av nødvendig kompetanse)
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Rettleie psykologar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
20% av stillinga vil vere knytt til AST:
- Polikliniske tenester (reisevirksomhet) med oppfølging av utskrivne pasientar
- Rettleiing til lokale oppfølgingstenester ved 4 DPS i foretaket, samt kommunar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Psykologspesialist (klinisk voksen) / evt psykolog
- Erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helsevern / tvunge psykisk helsevern er ein fordel
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og engasjert
- Tålmodig og evne til å knytte relasjon
- Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
- Fleksibel og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
-
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette. Som psykolog tilsett i Helse Fonna har ein eit fast kursbudsjett med tanke på spesialisering. For godkjente spesialistar har ein kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.Valen sjukhus ligg i naturvakre Sunnhordland/Hardanger med fjord og fjell og rikeleg moglegheiter for frilufstliv både på sjø og fjell. Velferdslaget har hytter som tilsette kan nytte. Gode oppvekstvilkår for barn med skule og barnehage . Regionssenteret Husnes ligg like i nærleiken med service og handlesenter. Regionen kan i sommarhalvåret by på eit rikt kulturtilbod med Baroniet i Rosendal i nærområdet.
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Kirsti Jebsen Mæland, Seksjonspsykologspesialist, (+47) 53466400
Marianne Lund Anderssen, Seksjonleiar, (+47) 53466407
Arbeidsstad
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4380251010
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.08.2021
Sluttdato: 16.08.2023
Søknadsfrist: 24.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Spesialisert behandling seksjon Valen, Helse Fonna HF
Adresse
Sjukehusvegen 23, 5451 Valen
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
16. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 24. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4380251010_Spesialisert behandling seksjon Valen, Helse Fonna HF_webcruiter
Stillingsnummer: 32873b15-6cb1-4279-8d21-896c5386182d