Matros i sambandet Husavik-Sandvikvåg, pt. MF Husavik
Org. nr: - Stillingsident: 4216638820 Presentasjon av stillingen:
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Ein av våre flotte medarbeidarar skal ha pappapermisjon, og Fjord1 har derfor ledig eit langtidsvikariat som matros i sambandet Husavik - Sandvikvåg, på vår flotte nye el-ferge MF Husavik.
Turnus: Døgnvakt - 3 skift - 12 dagar på og 9 dagar av.
Tidsperiode: 05.05.2020 - 08.02.2021
Søkar bør bu lokalt. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat for hurtiggåande MOB-båt
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Utdanningsnivå
- Fagbrev Matros
Personlege eigenskapar
- Godt humør
- Evne til å arbeide tett med mennesker over tid
- God til å kommunisere
- Serviceinnstilt
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
- Døgnvakt - 3 skift - 12 dagar på og 9 dagar av
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Langtidsvikariat i tidsrommet 05.05.2020 - 08.02.2021
Kontaktinformasjon
Liv Wickstrøm, Bemanningskoordinator, 90506779
Arbeidsstad
5396 Husavik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASA
Referansenr.:4216638820
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.04.2020
Om bedriften
Fjord1 ASA har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i Norge. Fjord1 har også aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og fjordbasert reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse. Hovudkontoret er i Florø, og det er om lag 1200 tilsette i selskapet.