Ørsta vgs - undervisningsstilling
Vi søker etter
ein dyktig vikarlærar i helse og oppvekstfag i inntil 100 % stilling ut skuleåret.
Vi søker deg som
har utdanning innanfor helse og oppvekstfag, med minimum bachelor som yrkesfaglærar, sjukepleiar, vernepleiar eller tilsvarande
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter tariff
Om skulen
Ørsta vidaregåande skule er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie i over 50 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen. Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygg på kvarnadre gir rom for ein tett relasjon mellom lærar og elev, noko som vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Skulen har kontinuerleg fokus på å utvikle fagmiljøa både internt og saman med eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom skulen sin visjon om "Meistring gjennom aktivitet og utforsking" ynskjer vi å gje elevane våre ei solid løæringsplattform der kunnskap og oppleving kjem i fremste rekkje.
Ørsta vidaregåande skule har ca 300 elevar fordelt på 5 programområde, og har ca 80 tilsette.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Vi ber deror om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25.2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.