Har du engasjement for kyrkja vår? Vi søkjer dagleg leiar!
Org. nr: - Stillingsident: 4084975227 Presentasjon av stillingen:
Aukra sokne- og fellesråd søker kyrkjeverje/dagleg leiar i ei 100% stilling.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiar for soknerådets/fellesrådets verksemd.
- Leie, koordinere og organisere aktivitetane innanfor fellesrådet sitt ansvarsområde og leie staben.
- Personalansvar for tilsette i fellesrådet.
- Økonomisk og administrativt leiaransvar, og med plan- og budsjettansvar.
- Ansvar for tilsyn, drift og vedlikehald av kyrkja og kyrkjegarden og andre kyrkjelege bygg og eigedomar.
- Sekretær og sakshandsamar for soknerådet/fellesrådet sin verksemd.
- Kontakt og rapportering til offentlege styresmakter.
Ansvaret for at:
- dei tilsette bidreg til realisering av vedteke mål.
- Det blir lagt til rette for eit godt arbeidsmiljø som grunnlag for dei tilsette si utvikling, arbeidsinnsats og trivsel.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning frå høgskole innan leiing, personale, IT og Økonomi.
- Kunnskap om offentleg forvaltning og kyrkjeleg organisering og ideologi.
- Personal- og økonomierfaring.
- Kunnskap og forståing for historiske verdiar er ønskjeleg.
- Erfaring, og det å vere eigna, kan bli vurdert viktigare enn å ha formalkompetanse.
Anna
- Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
- Løn etter avtale.
- Pensjonsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Ingunn Hjelmås, Leiar, 97964432.
Arbeidssted
Skogvegen 1 A
6480 Aukra
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Aukra sokn
Referansenr.:4084975227
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 26.06.2019
Om bedriften
Aukra er ein øy- og fastlandskommune med kort avstand til Molde. Kommunen har rundt 3500 innbyggjarar og har eit variert kulturliv. Forholda for friluftsliv er godt tilrettelagt. Du finn meir informasjon om staden på Aukra kommune si heimeside og heimesida til Aukra kyrkjelyd. Aukra sokn har ei kyrkje (Aukra kyrkje frå 1835) og eitt sokneråd/fellesråd. Vi har nytt kyrkjelydshus som sto ferdig i 2011. Huset har kontor for alle tilsette, ein møtesal med godt utstyrt kjøkken og garasje for drift av kyrkjegarden. Kyrkjelydshuset ligg like ved kyrkja. Kyrkjeverja får kontor der saman med sokneprest, trusopplærar, kantor og kyrkjetenar.