ID 1901 Kontrollør - Eining for tekniske tenester.
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Tekniske tenester er ei eining i Stord kommune, lokalisert på Rundehaugen 45 på Heiane, og har 30 tilsette innan fagfeltet vatn og avløp. Eininga har som mål å utvikla ein kostnadseffektiv og serviceretta organisasjon innan drift, forvaltning, planlegging og utbygging av dei offentlege vass- og avløpsanlegga i kommunen. Tekniske tenester vert finansiert gjennom brukarbetaling etter sjølvkostprinsippet.
Tekniske tenester driftar og vedlikehald 260 km vassleidningar, 180 km avløpsleidningar med tilhøyrande tekniske installasjonar og pumpestasjonar, samt vasskjelder, høgdebasseng og vasshandsamingsstasjon. Til desse arbeidsfelta treng me røyrleggar, maskinkøyrar og elektrikar / automatikkar.
Tekniske tenester har ledig 2 faste 100 % stillingar som kontrollør VA-anlegg.
Arbeids- og ansvarsområder:
- Kontrollere og følgje opp eksterne og eigne VA-anlegg i utbyggingsfasen.
- Ta del i godkjenninga av VA-planar og kontroll av sluttdokumentasjon. Rettleia VA-bransjen om krav til private og kommunale VA-anlegg, VA -- norm og sanitærreglementet til Stord kommune.
- Ta del i andre oppgåver som til dømes å administrera sanitærmeldingar, graveførespurnadar og påvising av leidningar.
Kvalifikasjonar:
- Ha fagbrev og erfaring som sanitærrøyrleggar eller teknisk fagskule. Gjerne ha ADK1.
- Kan arbeida sjølvstendig.
- Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø.
- Er kostnadsmedviten og ynskjer stå på for arbeidsplassen sin.
- Er fagleg flinke, evnar å utvikla seg innan arbeidet sitt og er nytenkjande.
- Har røynsle med IKT-verktøy og ser potensialet i desse.
- Har førarkort for bil og traktor.
- Annan relevant kompetanse kan vurderast.
Me kan tilby:
- Varierande arbeidsoppgåver
- Ryddig arbeidstid
- Eit godt og uformelt arbeidsmiljø der HMT vert vektlagt
- Høve for personleg vekst og utvikling i arbeidet
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Driftsleiar- VA Ronny Augustson 97481339.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
kontrollør, vann og avløp, tekniske tenester, rørlegger
Antall stillinger
2
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 17. oktober 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 3202a24d-d158-44d8-829b-3fa522fa0215
Stillingsnummer: 3202a24d-d158-44d8-829b-3fa522fa0215