Forskingssjef - Fagavdelinga
Org. nr: - Stillingsident: 4235347565 Presentasjon av stillingen:
Er du vår nye Forskingssjef ?
Har du lidenskap for innovasjon og ledelse? Vi har ledig stilling som forskingssjef med ansvar for mellom anna ledelse av forsking og kompetanseheving i Helse Møre og Romsdal (HMR).
Vi søkjer ein tydeleg og nytenkande forskningssjef og leiar for seksjonen FIUK (forsking,
innovasjon, utdanning, kompetanse og fagbibliotek) som representerer eit av dei
største forskingsmiljøa i fylket. Som
forskingssjef vil du bygge på den eksisterande kompetansen i seksjonen, og
videreutvikle forskinga innanfor HMR sine satsingsområde.
Innovasjonsevna internt er høg, og regionen er prega av sterk nyskaping på
nasjonalt og internasjonalt nivå. Difor er strategisk utvikling av
forsking og innovasjon i nært samarbeid med universitets- og høgskulesektoren,
lokalt næringsliv og kommunehelsetenesta særs viktig.
Digitalisering i form av det utadvendte sjukehus og heimesjukehus er viktige
nasjonale føringar for forskning og innovasjon i åra som kjem. HMR har også ei
viktig rolle i det store prosjektet Helseplattforma, ein innbyggar - ein
journal. Som forskingssjef vil du være ein leiar og pådrivar i desse og
liknande prosjekt.
Arbeidstad avtalast, men ein må pårekne regelmessig oppmøte ved. adm. i Ålesund. Tilsetting etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- I tillegg til funksjonen som forskingssjef, vil den som blir tilsett gå inn som leiar av FIUK-seksjonen (forsking, innovasjon, utdanning, kompetanse og fagbibliotektenesta)
- Bidra inn i overordna råd og utval lokalt og regionalt
- Saksførebu og leie forskings- og innovasjonsutvalet i føretaket.
- Saksførebu og leie DAC-gruppa (godkjenne og kvalitetssikre forskingsprosjekt i regi av føretaket).
- Vere ein fagressurs for forsking i heile føretaket - både på stabs og klinikknivå
- Strategisk utvikling av forsking og innovasjon i nært samarbeid med regionale og lokale ressursar/organisasjonar -- og då spesielt mot univesitets- og høgskulesektoren, lokalt næringsliv og kommunehelsetenesta
- Bidra til strategisk utvikling av Fagavdelinga, FIUK-seksjonen og føretaket
- Ei viss reisemengde må påreknast
- Den som blir tilsett i stillinga går inn i leiargruppa til fagdirektør
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum Ph.D. nivå
- Medisinsk kompetanse vert vektlagt
- God kjennskap til spesialisthelsetenesta, kommunehelstenesta og universitet- og høgskolesektoren på ulike nivå er vesentleg
- Formal og realkompetanse innan leiing og organisering vert vektlagt
- Den rette kandidaten må ha gode engelskkunnskapar og beherske godt norsk språk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere og oppnå resultat gjennom andre
- God forståing for prosjektleiing, prosesstenking og det å jobbe strategisk
- Stor arbeidsevne
- Fleksibilitet og endringsvilje
- Må kunne jobbe proaktivt og strukturert, og vere handlekraftig og løysingsorientert
- Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Eit dynamisk miljø med mange krevjande og interessante utfordringar
- IA-bedrift (Inkluderande arbeidsliv)
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Torstein Hole, Fagdirektør, 70 10 5000, Torstein.Hole@helse-mr.no
Arbeidsstad
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4235347565
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal