Rådgjevar for Nasjonal villakssenter i Tana (Joddu)
Stillingsannonsen er inaktiv.Nasjonalt Villakssenter
Deatnu Tana
Rådgjevar for Nasjonal villakssenter i Tana (Joddu)
Nasjonalt villakssenter er ein allmennyttig stiftelse stifta i 2019 av Miljødirektoratet. Formålet er å:
- formidle kunnskap om villaksen sitt liv, utfordringar og truslar
- bidra til bevaring og berekraftig utnytting av villaksstammene og deira leveområde
- legge til rette for dialog, kommunikasjon og samhandling mellom aktørar med interesser knytt til villaksen og hans leveområde
Stiftelsen er under oppbygging med einingar i Tana, Namsos, Lærdal og Lyngdal. Me siktar mot å få nasjonal autorisasjon som informasjonssenter for villaks.
Eit senter i Tana er under planlegging av Tana kommune. Nasjonalt villakssenter treng ein medarbeidar som kan ta del i etablering og oppbygging av senteret. Arbeidsstad er Tana og me lyser ut eit toårig engasjement som rådgjevar med rom for forlenging og fast tilsetting.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Formidling og naturrettleiing
- Utarbeide informasjons- og undervisningsmateriell
- Stå for kursverksemd og tilrettelegging
- Born og unge er ei viktig målgruppe for naturrettleiinga ved Nasjonalt villakssenter
- Ta aktivt del i Nasjonalt villakssenter si samla verksemd og oppgåveløysing på tvers av dei fire einingane
Me søker etter ein person som har:
- Interesse for og helst erfaring med formidling og naturrettleiing
- Høgare utdanning, helst med informasjonsfag/pedagogikk og/eller naturvitskaplege fag i fagkretsen. Brei pedagogisk erfaring kan erstatte formelle krav.
- Gode evner til samarbeid, nettverksbygging og å arbeide sjølvstendig og målretta
- Gode språkkunnskapar, nordsamisk språk- og kulturforståing
- God kunnskap om og beherskar digitale media
Me tilbyr
- 100% stilling i toårig engasjement med moglegheit for fast tilsetting på sikt
- Utfordrande og spennande jobb knytt til villaksen, hans leveområde og utfordingar, samspelet med mennesket, kulturen og tradisjonane knytt til han
- Vere med å bygge opp Nasjonalt villakssenter til det leiande formidlingsorganet for kunnskap om våre ville laksestammer
- Samlokalisering med eit større fagmiljø i Tana
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
For meir informasjon, kontakt dagleg leiar Alf Olsen jr, tlf +47 97 53 92 92, eller Frank Martin Ingilæ, leiar utviklingsavdelinga Tana kommune, tlf +47 46 40 02 60
Søknad med CV sender du til alf.olsen@villakssenter.no eller Lærdal kommune c/o Alf Olsen jr, postboks 83 6886 Lærdal. Søknadsfrist er 10. mars 2020.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Nasjonalt Villakssenter
Adresse
c/o Alf Olsen jr, Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om stillingen
Stillingstittel
Rådgjevar for Nasjonal villakssenter i Tana (Joddu)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Privat
Sist endret: 11. mars 2020
Hentet fra: AMEDIA
Referanse: 3603511
Stillingsnummer: 31afdd55-5b84-404c-b93b-87181c0cd999