Barnehagestyrar Nybø barnehage - vikariat
Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
Dalavegen 2, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Frå 01.08.2025 – 31.07.2026 er det ledig vikariat som barnehagestyrar i Nybø barnehage i 100% stilling.
I barnehageåret 2025/26 eig og driv Sogndal kommune 10 barnehagar, i tillegg er det 4 private barnehagar i kommunen. Barnehagane i Sogndal har eit tett, godt og lærerikt samarbeid.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert styrar i vikariat som er relasjonssterk og inkluderande til å leie ein velfungerande barnehage frå 01.08.2025-31.07.2026.
Nybø barnehage har inneverande barnehageår 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø
Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved Sognefjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.
Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger.
Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune. Vestland fylkeskommune, Statens Vegvesen, Digitaliseringsdirektoratet, NAV og Statsforvaltaren i Vestland har avdelingar på Leikanger
Arbeidsoppgåver:
dagleg fag- og driftsansvar for barnehagen
personalansvar med fokus på nærvær og arbeidsmiljø
vere ein synleg leiar med god gjennomføringsevne
pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid
samspel med barn, føresette og nærmiljø
barna sitt leike - og barnehagemiljø
budsjett-, personalansvar og oppfølging av dei tilsette.
Kvalifikasjonskrav:
utdanna barnehagelærar
ynskjeleg med tilleggsutdanning/leiarutdanning for styrarar
erfaring frå arbeid i barnehage
ynskjeleg med leiarerfaring frå barnehage som styrar eller assisterande styrar
rettleiingskompetanse
kompetanse i bruk av digitale verktøy
eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
god omsorgsevne og relasjonelt mot
evne å begeistre andre og samtidig la seg engasjere av innspela til andre
evne å leie prosessar
strukturert, planmessig og god til å prioritere
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
lojal til avgjerder og overordna føringar
Me tilbyr:
eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
engasjerte og støttande kollegaer
leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest krevst for stillinga
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
319c60dd-6a07-4003-8d44-e50641329726
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3504425_200257_nn