Fysioterapeut – arbeideretta rehabilitering
Stillingsannonsen er inaktiv.Rehabiliteringssenteret AiR AS
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfaglig kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
Me har i tillegg eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent og samtaleterapeut. Dette teamet ynskjer me no å styrke med ein fysioterapeut.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
- Psykomotorisk fysioterapi eller interesse innanfor fagfeltet
- Erfaring med komplekse problemstillingar tilknytt helse og arbeid
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
- Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
- Interesse for undervising og gruppeprosessar
- God skriftleg framstillingsevne
- Vilje til å gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
- Norsk autorisasjon
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- Fysioterapifaglege vurderinger, ulike undersøkingar og funksjonstesting
- Individuell rettleiing
- Leie varierte aktivitetar i grupper
- Undervising av deltakarar i grupper
- Gjennomføring av kartlegging - og vurderingssamtaler
- Bidra med observasjon inn i det tverrfaglege teamet
- Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
- Kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Særfagleg oppfylging ved behov
- Henvisingar ved behov
- Arbeid med epikrise for deltakarar
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
For meir informasjon, kontakt:
klinikkleiar Matias I.S.W. Nielsen, tlf. 35 06 28 00, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no eller ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408 / siri.morch@air.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR AS
Adresse
Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland
Hjemmeside
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Bygda er eit levande og aktivt samfunn i vekst med fleire kunnskapsbedrifter og organisasjonar.
Om stillingen
Stillingstittel
Fysioterapeut
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 15. april 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 31140b5c-ba76-4103-9a69-fa70555b2bb1
Stillingsnummer: 31140b5c-ba76-4103-9a69-fa70555b2bb1