ID 666 Styrar i Fitjarstølane barnehage
Stillingsannonsen er inaktiv.Fitjar kommune
5419 Fitjar, Fitjar
Frå 01.08.2021 er det ledig fast 100 % stilling som barnehagestyrar i Fitjarstølane barnehage (80 % styrarressurs og 20 % på avdeling). Barnehagen er kommunal og har to avdelingar med til saman 8,8 tilsette. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum i bustadområdet Fitjarstølane. Barnehagen har naturen som nærmaste nabo samt eit nyrenovert uteområde med nye leikeapparat. Barnehagen har fokus på språk og kommunikasjon og jobbar systematisk med å utvikle sosial kompetanse og vennskap mellom barna. I løpet av våren vil det bli vedteke å byggja ein ny kommunal barnehage som skal stå ferdig i 2023 eller 2024. Som styrar vil du få vera med på å påverka utforminga av den nye barnehagen i tråd med vedtak som vert gjort.
Fitjar kommune søkjer ein barnehagestyrar som:
· Har godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan høgare pedagogisk utdanning (Det kan også vera aktuelt å vurdera søkjarar med lærarutdanning).
· Gjerne har vidareutdanning innan leiing/leiarerfaring.
· Har gode leiareigenskapar
· Er relasjons- og utviklingsorientert.
· Er open, positiv og involverande
· Likar nye utfordringar og er open for endring
· Er strukturert, målretta og kvalitetsbevisst
· Er løysningsorientert, fleksibel og med høg grad av nærvær
· Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
· Har relevant IKT - kompetanse
Me kan tilby:
· Et godt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
· Medarbeidarar som har fokus på fagleg utvikling og kritisk refleksjon
· Nettverksarbeid lokalt og regionalt
- Kommunale lønns- og arbeidsvilkår med god pensjonsordning
Andre opplysningar:
Elektronisk søknadsskjema finn du ved å gå inn på fitjar.kommune.no/stilling. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Søkjarar vil normalt bli ført opp i offentleg søkjarliste, men kommunen kan gjera unntak etter nærare vurdering. Oppmoding om unntak må grunngjevast. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om dette.
For meir informasjon om stillinga kan de ta kontakt med etatsjef John Karsten Raunholm tlf. 975 01 370 eller styrar Sanna Kristina Pynnönen tlf. 948 01 086
Søknadsfrist: 10. mai 2021.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fitjar kommune
Adresse
5419 Fitjar
Hjemmeside
Om stillingen
Stillingstittel
Førskolelærer/pedagogisk utdanning
Antall stillinger
1
Oppstart
2. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 10. mai 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 30ef1031-409f-4e32-8e33-a4ee1d084e77
Stillingsnummer: 30ef1031-409f-4e32-8e33-a4ee1d084e77