Miljøterapeut / kognitiv terapeut
Vil DU vere med på å etablere rask psykisk helsehjelp i Sogndal Kommune?
Psykisk helse- og rustenesta i Sogndal kommune har ledig ein fast 100 % stilling i Rask psykisk helsehjelp som miljøterapeut/kognitiv terapeut.
Rask psykisk helsehjelp (RPH) er et kommunalt behandlingstilbod for ungdom og vaksne over 16 år med milde til moderate angst- og depresjonsplagar, søvnvanskar og/eller begynnande rusproblematikk. Tilbodet baserer seg på kognitiv åtferdsterapi, og tilbyr rettleiing i bruk av sjølvhjelpsmateriell, kurs-/grupper og individuell samtaleterapi av relativt kort varigheit.
Alle tilsette i Rask psykisk helsehjelp skal delta på vidareutdanning i kognitiv terapi basert på modellen for Rask psykisk helsehjelp. Oppstart i mai 2022
RPH-teamet vil bestå av 2,5 årsverk.
Ein må rekne med noko reiseaktivitet.
Hovudoppgåver:
- Være med å halde kurs- og gruppetilbod
- Terapeutisk arbeid, derav individuelle samtalar og rettleia sjølvhjelp
- Kartlegging og vurdering i individuelle brukarsaker
- Rettleiing i bruk av sjølvhjelpsmateriale
Kvalifikasjonar:
- 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
- Erfaring frå førebyggande arbeid innan psykisk helse
- Vidareutdanning innan kognitiv terapi vil være eit føremonn
- Ynskjeleg med erfaring frå helsefremmande og førebyggjande arbeid innan psykisk helse
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigeskaper:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God digital kompetanse
- Nytenkande, fleksibel og løysingsorientert
- Trivest med utviklings- og forbetringsoppgåver
- Arbeider strukturert og målretta
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, og dele kunnskap og erfaring.
- Stor arbeidskapasitet og evner å prioritere arbeidsmengde
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging.
- Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Lønn etter tariffavtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Send søknad