Deltidsekspeditør
Jobbnorge ID: 170584
Deltidsekspeditør
Vi treng deltidsekspeditør til vår butikk i Bardufoss. Tenesta er for tida i Bardufoss.
Stillingsstorleiken er på 7 timar per veke.
Du bør ha 3-årig vidaregåande skole (eller tilsvarande kompetanse) og erfaring frå butikkarbeid. Du må vere serviceinnstilt, vise initiativ og ha gode samarbeidseigenskapar. Det er òg ønskjeleg med grunnleggjande datakunnskapar.
I organisasjonen vår er det eit mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Alt salspersonale hos oss må vere over 20 år.
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte butikksjef Olaug Solbakken på tlf: 911 51 552.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 5. juni 2019.
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Vinmonopolet er samfunnets viktigaste verkemiddel for ansvarleg sal av alkohol, organisert som netthandel, butikkjede og kundesenter med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl over 4,7 prosent. Vi har om lag 2000 tilsette, og over 330 butikkar over
heile landet. Vinmonopolets visjon er å vere ønska av alle, gjennom å tilby Norges beste kundemøte prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med fleire enn 21 000 produkt. Omsetnaden i 2017 var 16,8 milliardar norske kroner.