Bioingeniør ved Vågå helsesenter
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.
Bioingeniøren ved Vågå Helsesenter skal ut i permisjon. Vi har ledig 100% vikariat frå juli 2021 og eitt år fram i tid. Bioingeniøren ved Vågå Helsesenter skal ut i permisjon. Vi har ledig 100% vikariat frå juli 2021 og eitt år fram i tid.
Ved helsesenteret er det fire stillingar som er hjelper fire fastlegar og ein turnuslege. Hovudoppgåvene er klinisk retta mot legetenesta, men det blir også gjeve skranketeneste for helsestasjonstenesta, jordmor, fysio-/ergoterapitenesta og psykisk helseteneste.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som bioingeniør, Vi søkjer i utgangspunktet etter bioingeniør, anna relevant utdanning vil også kunne bli vurdert.
- Relevant erfaring er eit føremon
- Tidlegare ansvar for kvalitetskontroll er eit føremon
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjonseigenskapar på norsk, munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeide ryddig og strukturer
- Serviceinnstilt
- Fleksibel og løysingsorientert
- Ha evna til å jobbe sjølvstendig, men også i team.
- Gode dataferdigheter
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Liv Olasveen, e-post liv.olasveen@vaga.kommune.no eller på telefon 61 29 37 26/99 02 82 91
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 25.06.2021
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.