Rådgjevar
Org. nr: 874570982 Stillingsident: 4195914986 Presentasjon av stillingen:
Seksjon for kulturarv er organisert i tre fageiningar, museum, fartøy og bygningsvern, arealplan og feltarkeologi, som er fordelt på tenestestadene, Sandsli, Førde og Leikanger.
Seksjonen inneheld eit breitt kulturminnefagleg fagmiljø som dekker heile Vestland fylke.
Vi er ein ny seksjon som er i vekst og utvikling. Vil du vere med i utforminga av kulturminnevernet i Vestland?
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene til stillinga er i hovudsak knytt til ei lovheimla forvalting av førreformatoriske kulturminne.
Arbeidet vil i første rekkje vere sakshandsaming i samband med plansaker, synfaringar/ feltarbeid og dokumentasjon.
Førebuing av saker til politisk handsaming.
Rådgjeving og dialog med kommunar og einskildpersonar.
Stillinga kan og bli knytt opp til tverrfaglege oppgåver på avdelinga og seksjonen, til dømes fredingssaker, utvikling av og deltaking i prosjekt innan kulturminnevernet, skjøtsel- og tilrettelegging av kulturminne.
Anna arbeid det er naturleg å legga til stillinga.
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha ferdigstilt høgare utdanning (hovudfag/mastergrad) innanfor relevant fagområde. Kvalifikasjonar er mastergrad/ hovudfag i arkeologi eller tilsvarande fagkompetanse.
Søkjar må ha god erfaring med arkeologisk feltarbeid både gjennom registrering og utgraving.
Seksjonen arbeider i all hovudsak digitalt og det er slik ein fordel med god innsikt i bruk av digitale arkiv, kart og andre kjelder på nett.
Søkjar må ha god kjennskap til den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden.
Administrasjonen i Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk som målføre. Søkjarar bør kunne uttrykkje seg godt både munnleg og skriftleg.
Det vert lagt vekt på ei samla fagleg kompetanse innafor forvaltning, kulturminneregistrering og formidling.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer personar med fagleg engasjement som arbeider strukturert og har evne til å veksle mellom sjølvstendig arbeid og samarbeid i eit fagleg fellesskap.
Vi tilbyr
Lønn etter kvalifikasjonar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bedriftshelseteneste
Fleksibel arbeidstid
Andre opplysningar
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2 ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Inger Lena Gåsemyr, Fagleiar, 96944536
Arbeidsstad
Storehagen 1b
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4195914986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2020