Mellombels assistentstilling i inntil 80% - Hillestveit skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo kommune
Bømlo
Det vert, med atterhald, ledig mellombels assistentstilling i inntil 80% ved Hillestveit skule frå 11.08.20. Hillestveit skule ligg på Langevåg, heilt sør i Bømlo kommune. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 142 elevar skuleåret 2019/2020. Saman med elevane jobbar om lag 22 lærarar og 3 assistentar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller annan relevant utdanning retta mot barn og unge.
- Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn og unge, helst praksis frå skule, vert føretrekt.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av elevar med særskilte behov
- Assistentoppgåver i undervisningssituasjonar
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for elevar både inne og ute
Personlege eigenskapar
- Vil bli vektlagt ved tilsetjing.
- Søkjar må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg.
- Me søker etter lagspelarar med god relasjonskompetanse og godt humør, som tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig.
- Du må vera ein tydeleg og god rollemodell for elevane, vera fleksibel, løysingsorientert og tolmodig.
- Det er ein fordel om du har erfaring med ikt som arbeidsverktøy.
Generelt
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
- Det må leggjast fram gyldig politiattest ved tilsetjing.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Kontaktperson: rektor Margrethe J. Eide - 53 42 35 50
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Adresse
Hovlandsvegen 11, 5443 Bømlo
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 17. juni 2020
Hentet fra: bomlo.kommune
Referanse: 80-hillestveit-skule234458
Stillingsnummer: 30337ebc-34d4-448f-91d3-f4685c6c7395