Lærling Helsefagarbeiderfaget 20/26
Er du på jakt etter lærlingeplass i 2020?
Vi trenger nye lærlingar og søker lærlingar innanfor Helsefagarbeiderfaget.
For at du skal trivast fagleg og sosialt vil vi leggje til rette for at du får ein fast kontaktperson og flinke lærlingeinstruktørar. Vi har lærlingetreff og lærlingskule.
Krav til kompetanse
- Videregåande 1 (VG1) Helse- og oppvekstfag, gjennomgått og bestått
- Videregåande 2 (VG2) Helsearbeidarfag, gjennomgått og bestått
Personlige eigenskaper
- Gode samarbeidsevner
- Bidragsyter til et godt arbeidsmiljø og ditt fag
Før oppstart må det leggas fram tilfredsstillende tuberkulinstatus i tråd med forskrift om tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar.
Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.