Assistent
Vi har ledig fast assistentstilling i avdeling for sjukepleie med vakter kvar 4. helg med todelt turnus. Utover arbeid kvar 4. helg kan ein bli spurt om å ta ekstravakter.
Stillinga passar for deg som er interessert i menneske og vil lære meir om rehabilitering. Jobben består mellom anna i å bistå ved stell, følge til/frå og delta i pasientaktivitet. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men må òg ha evne til sjølvstendig arbeid. Du må ta livredningsprøve i basseng.
Er du under helsefagleg utdanning er du velkommen til å søkje.
KVALIFIKASJONAR:
• Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
• Du må vere over 18 år.
• Du må beherske norsk skriftleg og munnleg.
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
VI TILBYR:
• Spanande utfordringar i eit tverrfagleg miljø.
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• God forsikringsordning
• Gode velferdsordningar
• Løn etter regulativ
OPPSTART:
Snarast eller etter avtale
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.