Fagarbeidar/assistent Nipa barnehage
Org.nr.:875300512 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Nipa barnehage ligg i Sauesundet på Atløy og har barn i alderen 1 til 6 år. Vi er opptekne av friluftsliv, og pedagogikken vår er bygd med fokus på kropp, rørsle og helse. Barnehagen samarbeider med og er samlokalisert med Atløy skule. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen
Vi har frå 17.08.2020 og førebels til 31.12.2020 ledig inntil 50% stilling som fagarbeidar/assistent,
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk tilrettelagt arbeid med barna
- Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
- Medverke til eit godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag. Annan relevant praksis kan også bli vurdert.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er
- leiken og open og likar faglege utfordringar
- har evna til å brette opp ermane og ta i eit tak når det er hektisk og samstundes roe heilt ned og vere anker for barna i deira aktivitet
- lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- trivs i lag med små barn
- glad i å vere mykje ute i all slags vær.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anne Marie Herland, Tlf: 57730754, Mobil 95035926, Epost: anne.marie.herland@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Nipa barnehage ligg i Sauesundet på Atløy og har barn i alderen 1 til 6 år. Vi er opptekne av friluftsliv, og pedagogikken vår er bygd med fokus på kropp, rørsle og helse. Barnehagen samarbeider med og er samlokalisert med Atløy skule. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.