Lege i spesialisering i lungemedisin. Ledig vikariat i kombinasjon med IKT-prosjekt - Lungeavdelinga
Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har ledig eit vikariat i 50% som lege i spesialisering i lungemedisin. I kombinasjon med dette vikariatet ønskjer vi å rekuttere prosjektdeltakar i 50% knytt til dei kliniske prosessane i IKT-prosjekt. Aktuelle prosjekt er først og fremst DIPS Arena, men også KULE er aktuelt. Som prosjektdeltakar vil du vere tilknytta seksjon for e-helse i FoU-avdelinga.
Seksjon for e-helse har ansvar for innføring av nye IKT-løysingar i Helse Bergen, og for at vi utnytter dei eksisterande kliniske systema på ein god og effektiv måte. I tillegg har seksjonen ansvar for oppfølging av leveransar frå Helse Vest IKT og for IKT-sikkerheit. Seksjonen har i dag ca 40 årsverk.
Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdommar i Helse Vest. Vi har i tillegg ein stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.
Avdelinga har to sengepostar med totalt 36 sengeplassar. Av desse er 8 senger knytt til ROE/post 1 (Respiratorisk overvakingseining). Vi har og ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.
Lungeavdelinga har ca 150 årsverk og eit variert pasientbelegg med årleg rundt 3000 avdelingsopphald (døgn- og dag) og ca.17000 ambulante konsultasjonar. Gjennom eit tett samarbeid med universitet og høgskule bidrar avdelinga til høg forskingsaktivitet og fagutvikling. Det er krav om godkjend tuberkulinprøv. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding.
Arbeidsoppgåver
- I LIS-delen av stillinga:
- Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift
- Undervisingsoppgåver
- Deltaking i forbetringsarbeid
- I IKT-delen av stillinga:
- Delta i kartleggingsarbeid, konfigurering og innføring
- Delta i forbetringsarbeid knytt til dagens kliniske IKT-løysingar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå samarbeid på tvers
- Interesse for IKT-løysingar
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Positivt og kompetent fagmiljø, høg forskingsaktivitet
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg.
Kontaktinformasjon
Kjetil Sævartveit, Kst avdelingsdirektør, 55973555/ 90831123, Kjetil.sevartveit@helse-bergen.no
Anette Vangsnes, Administrasjonssekretær, 55973243, Anette.vangsnes@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4026222642
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 10.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4026222642&company_id=53014&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.