Me treng ny kollega. Er det deg? Er du maskinkøyrar?
Om stillinga:
- maskinkøyring (t.d. hjullastar, sorteringsmaskin)
- medverke til drift og utvikling av dei ulike anlegga
- generelt vedlikehald og ryddearbeid på anlegga
Du har:
- maskinførarsertifikat
- førerkort for bil (klasse B)
- god ordenssans
- stå-på-vilje og godt humør
- evne til å arbeide strukturert
- gode samarbeidsevner
- interesse for å utvikla deg i jobben
Du er:
- sjølvstendig, målretta, fleksibel og løysingsorientert
- ein god maskinkøyrar som trivst i eit hektisk arbeidsmiljø
- villig til å ta nødvendig opplæring
- opptatt av HMT
Me kan tilby
- 100 % stilling
- gode pensjonsordningar
- eit godt arbeidsmiljø
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter kvalifikasjonar
Største del av arbeidet vil vera i omlasteanlegget på Heiane, men andre lokalitetar er aktuelle ved behov.
Me gjer merksam på at søkjer kan bli ført opp på offentleg søkjarliste, sjølv om ein har bedt om anonymitet, men dette vil du bli varsla om.
Nærare opplysningar får du ved å kontakta driftsleiar Malvin Helland Andahl tlf. 98 21 05 51 eller malvin.andahl@sim.as
Send søknad med CV til:
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS til sim@sim.as
Søknadsfrist: 14.10.22
Om bedriften
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) driv avfallshandsaming for kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. SIM driv sju miljøsentralar, omlastehall, komposteringsanlegg og deponi.