Aktivitør - 30% vikariat
Stillingsinformasjon
Meland Sjukeheim har ansvar for dagsenteret for personar som er heimebuande. I tillegg nyttar ein del pasientar v/ korttidsavdelinga og langtidsavdelinga dette tilbodet.
Det er ledig vikariat for aktivitør i perioden 01.03.2019 - 01.10.2019.
Arbeidsplass
Meland Sjukeheim har denne visjonen:
Omsorg med livsglede og kompetanse.
Våre verdiar er:
Respekt - Tillit - Livsglede.
Meland sjukeheim har desse avdelingane:
- Korttidsavdeling - Solkroken
- Langtidsavdeling - Nordgardstunet og Lerketunet
- Dagsenter for eldre
- Institusjonskjøkken
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er m.a.:
- servereing av frukost og middag
- skape sosialt og triveleg miljø
- arbeide fram og gjennomføre aktivitetar tilpassa målgruppa
Kvalifikasjonskrav
Erfaring frå arbeid som aktivitør og miljøarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt:
- gode samarbeidsevner
- gode evner til kommunikasjon og meistra norsk språk
- vere konstruktiv, positiv og ha godt humør
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning
Godt arbeidsmiljø
Fagleg stimulerande miljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
IA-bedrift.
Generell informasjon
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga.
Søknad skal sendast
Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.
Om bedriften
Meland kommune er ein del av Nordhordlandsregionen og nabokommune til Bergen. Kommunen opplever sterk folkevekst og har eit innbyggjartal på ca. 8.000. Det er god kollektivtransport til/frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen til kommunesenteret Frekhaug er under 1/2 time.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Meland kommune har ei verdimessig forankring som kjem til uttrykk gjennom visjonen vår "Eit samfunn for alle".