Vernepleiar, 100% fast stilling på Bø skule og Solbakken
Omtale av arbeidsstaden
Bø skule er ein 1-7 skule med 420 elevar. Skulen har ca 65 tilsette inkl. SFO. SFO har tre avdelingar.
Det skal byggast ein ny avdeling ved skulen, ein styrka barnebase. Skulen blei utbygd og renovert i 2010. Skulen ligg tett i tett med Solbakken.
Solbakken er omsorgsbustadar og avlastning for vaksne og barn med bistandsbehov og psykisk utviklingshemning.
Det er bustad og avlastning med døgnbemanning. Solbakken har ca 23 årsverk og ligger sentralt til i Bø. Personalet på Solbakken gir og tenester til brukarar som bur i eigne bustader ute i kommunen.
Kort om stillinga
Stillinga er ledig frå 1. august 2019.
Stor del av stillinga vil vera knytt til Bø skule og SFO inkl. ferieveker på SFO. På Solbakken kan det bli oppfølging av elevane i høve til avlastning.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er å følgje elevane gjennom skulekvardage og ein del på SFO.
Vere faglig ansvarleg for brukar/barn, rettleie personale.
Arbeide fram prosedyrer og tiltak i samarbeid med andre.
Eventuelt vere koordinator.
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
Autorisert vernepleiar eller anna tilsvarande utdanning.
Må arbeide sjølvstendig og like å ta ansvar.
Vere fleksibel og ein god samarbeidspartner.
Nysgjerrig på å lære noko nytt.
Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til data er ein føresetnad.
Personlege eigenskapar
Du må væra engasjert, ha positiv innstilling og kunne drive aktivitet på bruker sine premisser. Du må like å jobbe i team, kor tanken er kollegaer utfyller kvarandre og gjer kvarandre gode. Må like å arbeide målretta og følgje prosedyrer. Men du kunne arbeide sjølvstendig og foreta kloke valg.
Personlig egnahet vil bli vektlagt.
Anna
Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Dei som vert innkalla til intervju må ta med seg CV og rettkjend kopi av vitnemål, attester og autorisasjon.
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest.
E-læringskurset for nytilsette må gjennomførast før oppstart i stilling.
Førarkort
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Offenleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Bø kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Søknad sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden.
Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Bø kommune ligg i Midt-Telemark og har omlag 6600 innbyggjarar, administrasjonsspråket er nynorsk. Bø kommune er først og fremst ein skule- og handelskommune, med solid forankring i jord- og skogbruk samt allsidig næringsliv. Kommunen har eit godt utbygd tilbod innan kultur, idrett og fritid. Vi er også midt i en spennande førebuingstid med hensyn til kommunesammenslåing i 2020 med Sauherad kommune.