Ledige faste barnehagelærarst. i barnehagane 2019/2020
Stillingsannonsen er inaktiv.BØ KOMMUNE
Gullbring barnehage
Omtale av arbeidsstaden
Det er 3 kommunale og 3 private barnehagar i Bø, med til saman om lag 350 barn.
Alle barnehagane har dei siste åra gjennomført opplæring i "De utrolige årene"
Folkestad barnehage er ein 4 avdelings barnehage. Barnehagen er omgitt av flott natur i og rundt barnehagen, og har eit pedagogisk personalet som har fokus på fagleg utvikling slik at ein skaper eit godt læringsmiljø for barna. Satsingsområde er IKT og realfag.
Gullbring barnehage ligg sentralt til i Bø like ved høgskulen, idrettsanlegg og Gullbring kulturanlegg. Barnehagen har fire avdelingar med til saman 54 barn i alderen 0-5 år. Det er to avdelingar for dei yngste barna, og to avdelingar for dei største.
Barnehagens visjon er "Eg blir meg i møte med deg". Rett bak barnehagen har ein tilgang til eit flott turområde m/ hytte. Gullbring barnehage satsningsområde er språk, tekst og kommunikasjon - " med boken i sentrum". Barnehagen er en Miljøfyrtårnbarnehage og opptatt av å gi barna lære om å ta vare på naturen.
Bøhamna barnehage er ein kommunal 2-avdelings barnehage, med ein småbarns avdeling og ein avdeling for større barn.
Barnehagen er samlokalisera med Veslekroa studentbarnehage som og har to avdelingar.
Barnehagen er sentrumsnær med høgskulen som næraste nabo, og har tilgang til eit variera nærmiljø med skogområder, eigen grønsakshage, leike -og parkmiljø i Evjudalen, bibliotek og høgskulens idretts -og nærmiljøanlegg.
Kort om stillingane
Faste stillingar, både heiltid og deltid frå 15.08.2019
Denne annonsa gjeld alle faste barnehagelærarstillingar som blir ledig frå 15.08.2019.
Søkjarane må spesifisere kva for barnehage og ev. kor stor stilling ein søkjer på, i den generelle delen av søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og barnehagens årsplan
- Bidra til vidareutvikling av pedagogisk praksis gjennom refleksjon-, prosess og planarbeid
- Bidra aktivt i vidareutvikling av barnehagens læringsarena
- Bidra til omsorg, tryggheit, utvikling og læring for barn
- Arbeide aktivt med å omsette refleksjon til handling
- Legge til rette for og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning for barnehagelærarstillingane.
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil andre med utdanning og erfaring bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Bø kommune treng tilsette som vil vere med å utvikle barnehagen, har rause haldningar og er fleksible i kvardagen.
- Du må vere engasjert, motivert og ha evne til å samarbeide
- Du må vere ein god rollemodell
- Positiv, imøtekommande og open
- Sjå muligheiter framfor begrensningar
- Ønske om og gje barna støtte, kjærleik og anerkjenning
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Fagleg interessert
Personlege eigenskapar i arbeid med barn vil bli vektlagt
Særskilt for stillinga
Administrasjonsspråk nynorsk, politiattest må framleggas ved tilsetting.
E-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Rettleiingsprogram for nyutdanna barnehagelærarar.
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Bø kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Anna
Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
Søknad sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden.
Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
BØ KOMMUNE
Adresse
Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark
Bø kommune ligg i Midt-Telemark og har omlag 6600 innbyggjarar, administrasjonsspråket er nynorsk. Bø kommune er først og fremst ein skule- og handelskommune, med solid forankring i jord- og skogbruk samt allsidig næringsliv. Kommunen har eit godt utbygd tilbod innan kultur, idrett og fritid. Vi er også midt i en spennande førebuingstid med hensyn til kommunesammenslåing i 2020 med Sauherad kommune.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 5. mars 2019
Hentet fra: Bø kommune
Referanse: visma-bo.midt-telemark.no/recruitment/opening?0?556
Stillingsnummer: 2f6e5e83-add4-453d-b6d0-54d63612337e