Fagkonsulent skogbruk
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4431325712 Presentasjon av stillingen:
Stryn kommune har eit høgt aktivitetsnivå med mange spennande oppgåver innanfor overordna
planlegging, samfunns- og stadsutvikling. I tillegg til overordna planlegging har plan- og næringsavdelinga ansvar for landbruk, næringsutvikling elles, miljø og klima, folkehelse og friluftsliv. Vi skal ivareta kommunen si rolle innanfor skogbruk og søker ein fagkonsulent i 50% stilling i vårt team og som ein del av vårt allsidige og robuste fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Lov og tilskotsforvaltning knytt til skogbruk
- Rettleiing innanfor fagområdet
- Samarbeid med organisasjonane innanfor næringa
- Det kan bli aktuelt å delta i prosjekt og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule
- Relevant erfaring kan erstatte krav til formell utdanning
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God kjennskap og evne til bruk av digitale verktøy
- Du må ha førarkort og disponere bil
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig men også å kunne samarbeide i team
- Gode evner til kommunikasjon både internt og eksternt
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ellen Kirkeeide, Landbrukssjef , 97160905
Arbeidssted
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Stryn Kommune
Referansenr.:4431325712
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2021
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.
Her finn du alle ledige stillingar i Stryn kommune
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn