Sjukepleiar, natt
Stillingsannonsen er inaktiv.Haram omsorgssenter
Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg
Org. nr: - Stillingsident: 4163101601 Presentasjon av stillingen:
Nye Ålesund kommune søker etter sjukepleiar ved Haram Omsorgssenter i Brattvåg. Vi søker 67,49 % fast stilling for tiden med langvakter på natt med arbeid 3. kvar helg.
Langvaktene er 12,5 t og har betalt matpause på 30 min og 1 time betalt kviletid.
Arbeidsoppgåver
- Følge arbeidsinstruks for sjukepleiar/spesialsjukepleiar.
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i overensstemmelse med vedtekne mål og retningslinjer.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I nye Ålesund kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabiltering, korttidspasientar, demens og langtidspasientar.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Vakter på turnus som har reint sjukepleiefagleg fokus (legevisitt, medisinrom, ansvarsvakter utanom pleie).
- Forhandlingsturnus.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, 468 65 766
Ingrid Beate Mathisen, Verksemdsleiar, 469 46 384
Arbeidsstad
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund kommune
Referansenr.:4163101601
Stillingsprosent: 67,49%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Haram omsorgssenter
Adresse
Brattvåggata 20, 6270 Brattvåg
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4163101601_Haram omsorgssenter_webcruiter
Stillingsnummer: 2f2530c8-a47c-4621-a8e4-686ff2ac8c56