Sykkylven vgs - konsulent rekneskap og løn 100%
Stillingsannonsen er inaktiv.Møre og Romsdal fylkeskommune
Sykkylven vidaregåande skule
Vi søkjer ein medarbeidar med økonomi-/rekneskapsutdanning. Relevant praksisbakgrunn vil kunne kompensere for manglande formell utdanning. Relevant praksis frå lønnsarbeid, samt praksis innanfor økonomi i kommunal forvaltning vil vere ein fordel.
Det er nødvendig med relevant IKT-faglig kompetanse, og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Hovudoppgåver som ligg i stillinga:
Rekneskap/økonomi:
- Kontering av fakturaer
- Budsjettoppfølging
- Fakturering
- Andre oppgåver innanfor økonomi/reknskap
Lønn:
- Registrering og vedlikehold av lønnsdata - fast løn og variabel løn
- Godkjenne reiserekningar
- Rettleiing og bistand til tilsette
- Andre oppgåver innanfor løn
Arbeidsoppgåver blir stadig endra, slik at det vil vere behov for fleksibilitet og stor evne til å oppdatere seg.
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter til fagleg utvikling
- Fleksitid
- Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- Løn etter avtale
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.
Politiattest
Den som blir tilsatt må levere politiattest.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Adresse
Kyrkjevegen 6, 6230 Sykkylven
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Sykkylven vidaregåande skule er ein kombinert skule med omlag 250 elevar fordelt på fire programområde: studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon, samt elektrofag.Skulen er ein pioner innan internasjonalisering og entreprenørskap. Inneverande skuleår samarbeider skulen med to internasjonale prosjekt, Erasmus+ i samarbeid med fire land, og Nordplus i samarbeid med Danmark. Elevane opplever entreprenørskap gjennom å starte spanande ungdomsbedrifter der lokale bedrifter bidreg aktivt.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referanse: rekruttering.mrfylke.no/recruitment/opening?1?4037
Stillingsnummer: 2f2444d9-4e1c-4803-b50a-7e32b6c41237