Høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis ved Nynorsksenteret - st. nr. 55/2020
Jobbnorge ID: 194804
Om stillinga
Ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsksenteret, ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda, er det ledig eit vikariat i 40 % prosent stilling som høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis frå 1.1. til 31.12.2021, med moglegheit for forlenging.
Kvalifikasjonar
Den som blir tilsett må ha høgare utdanning på masternivå, med hovudvekt på norsk/nordisk språk eller litteratur, norskdidaktikk eller tilsvarande. For tilsetting som førsteamanuensis eller førstelektor må søkaren ha doktorgrad eller tilsvarande i eit relevant fagområde.
Søkaren må ha arbeidsrøynsle frå grunnskulen, helst ungdomstrinnet, Det blir også kravd dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing.
Røynsle frå undervising i nynorsk som sidemål og bruk av digitale verktøy i undervisinga vil vere eit pluss. Vi føreset også god kjennskap til gjeldande læreplanar for grunnopplæringa og arbeidet med fagfornyinga.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Samarbeidsevne og evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig er viktig. God munnleg og skriftleg formidlingsevne og at ein er trygg framfor både store forsamlingar og mindre grupper vil også bli lagt vektlagt.
Ved Nynorsksenteret nyttar vi nynorsk i all skriftleg kommunikasjon, både internt og eksternt. Det er difor eit sjølvsagt krav at den som blir tilsett er stø i nynorsk.
Arbeidsfelt
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene blir å fylgje opp senteret sitt arbeid retta mot språkopplæringa på ungdomstrinnet og mellomtrinnet.
Mange av oppdraga til Nynorsksenteret varierer noko frå år til år, og den som blir tilsett må difor rekne med å bli pålagt arbeidsoppgåver også mot andre målgrupper enn dei som er nemnde her. Mellom anna kan deltaking i samarbeidet med UH-sektoren for å sikre ei god nynorskopplæring i lærarutdanningane vere ei aktuell oppgåve.
Hovudoppgåvene til dei fagtilsette ved Nynorsksenteret er å utvikle læringsressursar og drive formidlingsarbeid for målgruppene våre. Det vil bli lagt til rette for at medarbeidarar som ynskjer det kan drive utviklingsarbeid og publisering med utgangspunkt i senteret sine kjerneoppgåver. Deltaking i større fou-prosjekt - i samarbeid med andre fagmiljø ved HVO eller andre UH-institusjonar - kan også vere aktuelt.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Arbeidsstaden for dei fulltidstilsette ved Nynorsksenteret er ved Høgskulen i Volda. Ved denne utlysinga av eit vikariat på deltid er vi opne for at den som blir tilsett kan ha base ein annan stad i landet. Kontakten med senterleiaren og dei andre tilsette ved senteret vil då i hovudsak vere via digitale kanalar.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 583 900 - 789 200/ høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 - 679 000.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Perioden for det utlyste vikariatet er i utgangspunkt kalenderåret 2021. Det er mogleg at det kan blir forlenga til 2022 eller 2023. Eventuell ny sluttdato vil verte avklara i løpet av våren 2021.
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- inntil 10 vitskapelege arbeid, inkludert master-/hovudfagsoppgåve og eventuell doktorgradsavhandling.
For søkjar utan formell kompetanse som høgskulelektor, kan det vere høve for tilsetjing som høgskulelærar.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til leiar Torgeir Dimmen ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda, tlf. 70 07 51 72, e-post: torgeir@nynorsksenteret.no
Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa, med nasjonalt mandat. Senteret skal medverke til kompetanseutvikling og tilby støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk, både i område der nynorsk er opplæringsmål og der nynorsk er sidemål. Målgrupper for senteret sitt arbeid er primært lærarar, barnehagelærarar, skuleleiarar, lærarstudentar og lærarutdannarar.
Nynorsksenteret si verksemd er basert på forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid. Vi samarbeider både med lærarutdanningane og andre relevante fagmiljø ved universitet og høgskular over heile landet. Lesesenteret, Skrivesenteret og dei andre nasjonale sentera er også viktige samarbeidspartar. Senteret er med i mange nettverk, både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Frå etableringa i 2005 til 2017 vart Nynorsksenteret fagleg styrt frå Utdanningsdirektoratet, med Høgskulen i Volda som vertsinstitusjon. Frå 2018 overtok HVO også den faglege styringa. Senteret er no ei sjølvstendig eining under Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), på same nivå som dei fire faginstitutta ved avdelinga.
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med om lag 2000 studentar og 130 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.
Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.