Personleg assistent –sommarvikar
Eir er ei 13år gamal jente som elskar hestar, bøker, musikk, vere med venner og fart og spenning. Då ho er funksjonshemma treng ho deg som personleg assistent til å hjelp med små og store gjeremål.
Om stillinga
Eir vekslar mellom å gå på skule og drive heimebasert treningsopplegg, knytt til The Family Hope Center i USA (http://www.familyhopecenter.org) og ABR i Belgia (http://www.abrbelgium.com/)
Din jobb blir å hjelpe med alt frå matsituasjon, personleg pleie til kommunikasjon, symbolspråk og trening.
Vi søker deg som ønsker ein sommarjobb. Dette er ei 100% stilling som går i vakter dag, kveld og natt, kvardag og helg.
Dette er eit engasjement som varer omlag frå 27.6.2022 til 15.8.2022. Det kan vere aktuelt med opplæring før dette.
Du må kunne leggje fram plettfri politiattest ved tilbod om stilling.
Om deg
Vi treng ein person som er ung til sinns og som kan jobbe sjølvstendig, er lærevillig, har godt humør og stå-på vilje. Det er ingen krav til utdanning. Personlegdom er viktigare enn gode papir! Du vil få nødvendig opplæring.
Det vil bli ein del løft, så det er ein fordel å vere i god fysisk form. Det er heilt nødvendig at du snakkar og skriv flytande norsk.
Dersom du er glad i barn og ynskjer å vere med å bidra til at denne flotte jenta kan nå sine mål -- er dette jobben for deg!
Grunna stillinga si art er det ønskeleg med kvinnelege søkjarar. Søkjarar må vere 18 år for å vere aktuelle for stillinga.
Ta kontakt for meir informasjon.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte Vidar Ertesvåg, tlf. 930 51 545 eller Mona Iren Auganæs, tlf. 916 32 105.
Søknad med CV sendast til e-post: ertesvi@gmail.com
Søknadsfrist: 25.5.2022