ID 1908 Spesialpedagog - Langeland skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Langeland skule har ca. 410 elevar fordelt på 1. til 7 klassetrinn og innføringsklasse.
Det er ledig ei mellombels stilling i 100% som spesialpedagog. Tilsetjing snarast.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av 2 elevar med rettar etter Opplæringslova § 5-1 (spesialpedagogikk) og morsmålsopplæring etter Opplæringslova § 2-8 (særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar).
- Styrke skulen sin kompetanse i høve elevar med særskilte behov
Kvalifikasjonskrav:
- Lærar med spesialpedagogutdanning
- Erfaring frå arbeid med elevar med fysisk, psykisk og sosial funksjonsnedsetting er ynskjeleg
- Erfaring frå arbeid med personar med autisme vil vera ei føremon
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og
- utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Anita Eriksen
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Om stillingen
Stillingstittel
lærar, pedagog, spesialpedagog
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 10. oktober 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 2ef2ead1-e80f-48fd-b8d3-0aa694588ee8
Stillingsnummer: 2ef2ead1-e80f-48fd-b8d3-0aa694588ee8