Reinhaldarar, sommarvikarar og tilkallingsvikarar
Om eininga/avdelinga
Eininga tekniske tenester (TET) består av driftsavdeling for kommunaltekniske anlegg, eigedomsavdeling, planavdeling, utbyggingsavdeling, samt brann og beredskap.
Det er ledige stillingar som sommarvikarar og tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
Reinhald av kommunale bygg
Krav til søkar
Erfaring som reinhaldar helst med fagbrev
God kunnskap om arbeidsmetodar, reinhaldsmidlar og- utstyr
Gode datakunnskapar og kunne bruke data som arbeidsverktøy
Må beherske norsk språk
Må ha helse til å arbeide innan reinhald
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Særskilte krav
Må forevise eigenerklæring for tuberkolosekontroll
Må ha politiattest
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader. ved lengre fråvær kan forlenging av prølvetida bli aktuelt
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.