Inntil 6 faste helgestillingar som assistent/helsefagarbeidar
Org.nr.: 964967458 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden som dei siste åra har vi opplevd positiv folketalsauke. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Institusjonstjenesta har inntil seks ledige helgestillingar for assistentar/helsefagarbeidarar. Stillingsstorleik inntil 32 %.
Dei som tilsettes vil bli en del av den daglege drifta ved institusjon og heimebaserte tenester.
Tiltredelse etter avtale med avdelingssjukepleiar.
Kvalifikasjonar:
-Beherske norsk munnleg og skriftleg
-Erfaring frå liknande arbeid vektleggast høgt
Personlege eigenskapar:
-Evne til samarbeid
-Initiativrik
-Fleksibel
Vi tilbyr:
-Løn etter tariff
-God pensjonsordning i KLP
Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Prøvetid med 6 månader.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å gjere unntak for offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Avdelingssjukepleiar Siw Lambrechts, tlf. 459 74 004.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Siw Lambrechts, Tlf: 57786250, Epost: siw.lambrechts@solund.kommune.no
Om bedriften
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Folketalet aukar og vi er no om lag 830 innbyggjarar. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane og klatreanlegg. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule og nye omsorgsbustadar, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. I løpet av 2019 vil om lag 90% av innbyggjarane ha tilgang til breiband.
Klikk på lenken for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ