Pedagogisk leiar Ullavik barnehage - 100 % fast stilling
Stillingsannonsen er inaktiv.Sykkylven kommune
Ullavik barnehage
Stillingsomtale
Vi har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar ved Ullavik barnehage frå 01.08.2019. Dersom interne rokeringar kan andre stillingar verte ledige.
Arbeidsstad
Ullavik barnehage er ein 3-avdelings barnehage som ligg sentrumsnært og solrikt til. Barnehagen har nærmiljø,
samfunn og heimbygda vår som sitt fokusområde i årsplanen.
Krav til kompetanse
Barnehage-/førskulelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som har relevant pedagogisk praksis kan bli vurderte til stillinga.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har eit heilskapleg ansvar for planlegging og vurdering, dagleg omsorg for det enkelte barn, for
utvikling av det sosiale miljøet og læringsmiljøet i barnegruppa og for samarbeidet med barna sine foreldre.
Pedagogisk leiar har også rettleiingsansvar for resten av personalet samt medansvar for utvikling av barnehagen som
pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenesteområde.
Vi søkjer
- Ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same.
- Ein person som er undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne.
- Ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen,og likedan som kan vere med på å initiere utvikling i tråd med dei planar og føringar som den pedagogiske leiinga legg.
- Ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon
Vi tilbyr
- moglegheit til kurs og eigenutvikling
- stengd barnehage i jul og påske
- obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- gode forsikringsordningar
- løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Tilsettinga elles er på offentlege vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
Spesielle krav til stillinga
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. barnehagelova § 19.
Søknad sendast
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Adresse
Ullaviklia 23, 6230 Sykkylven
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 9. april 2019
Hentet fra: Sykkylven kommune
Referanse: rekruttering.sykkylven.kommune.no/recruitment/opening?0?34/2019
Stillingsnummer: 2e7099a8-e877-4a87-8664-63d0ed74eb68