Nærings- og reiselivssjef
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året og eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med blueshelg, siderslepp, HardangerSUS, poesifestival og oktobertorg - og mykje meir! I Hauge-senteret kan du oppleva den folkekjære diktaren Olav H. Hauge sitt liv og verk. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod, med full barnehage- og SFO-dekking. Frukt og siderruta ligg i Ulvik herad, som også er ein Cittaslowkommune. Meir informasjon om Ulvik og om Cittaslow finn du på vår heimeside www.ulvik.kommune.no og www.visitulvik.no.
Me søkjer no etter Nærings- og reiselivssjef
Ulvik herad ynskjer å styrka det lokale utviklingsarbeidet, særleg retta mot turisme og næringsliv. Me søkjer difor no etter nærings- og reiselivssjef i fast 100% stilling. Stillinga er organisatorisk lagt under rådmannen, og skal driva utviklingsarbeid i tett samarbeid mellom nærings- og reiselivet, næringslivsorganisasjonar ogkommuneadministrasjonen.
Ansvar og arbeidsoppgåve:
• Leia og koordinera utviklingsarbeid i Ulvik, herunder turistkontoret
• Initiera og fylgja opp delprosjekt
• Vera ein inspirator og eit bindeledd mellom utviklingsaktørar og offentlegstøtteapparat
• Koordinera utviklingsarbeidet lokalt og vera aktiv deltakar i regional utvikling
• Rettleia og bistå lokalt næringsliv, nye etablerarar og andre aktørar
• Saman med heradet og næringslivet profilera Ulvik utad
Me søkjer etter ein person som har:
• Relevant 3-årig høgskule, evt. "kaos-pilot"
• Relevant erfaring og evne til kreativitet, nytenking og innovasjon
• Erfaring frå utviklingsarbeid er ei føremon
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Evne til å motivera, samt knyta og utvikla nettverk
Personleg interesse og engasjement for stillinga vert tillagt stor vekt
Me kan tilby:
• Ei spanande, til dels uavhengig og sektorovergripande stilling med storemogelegheiter for sjølvrealisering og personleg utvikling
• Løn etter avtale
• Hjelp til å skaffe bustad
Kontorstad er pt Skeiesvegen 3 i Ulvik.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakta rådmann Thore Hopperstad på tlf 4000 7158 eller epost thore.hopperstad@ulvik.kommune.no.
Søk elektronisk her. Merk med saksnr 20/258.
Søknadsfrist: 7.juni 2020
Om bedriften