Assisterande rektor
Stillingsannonsen er inaktiv.Ulstein kommune, Ulstein ungdomsskule
Bakkegata 31, 6065 Ulsteinvik
Org. nr: - Stillingsident: 4091246328 Presentasjon av stillingen:
Ulstein ungdomsskule ligg i sentrum av Ulsteinvik, har om lag 55 flotte tilsette og 375 elevar i alderen 13¿16 år og 14 klasser. Vi har også norskopplæring for elevar med asyl-, flyktning- og arbeidsinnvandrarbakgrunn. Ulstein ungdomsskule deltek i MOT-programma <> og <>. Ulstein ungdomsskule er ein moderne skule med spennande arkitektur. Eleven si sosiale og faglege læring står sterkt forankra i skulekvardagen. Vi startar kvar morgon med tilbod om gratis frukost til alle elevar, og i lunsjen har elevane høve til å kjøpe sunn og heimelaga mat til kostpris. Skulen har i fleire år jobba systematisk med vurdering for læring, og kan for andre året på rad vise til svært gode resultat på nasjonale prøver for 9. trinn i lesing og rekning. Dette gir oss indikatorar på at elevane våre har eit godt læringsutbytte.
Vi søker no etter ein assisterande rektor som ynskjer å bidra inn mot den gode utviklinga til skulen.
Ulstein ungdomsskule har ledig stilling som assisterande rektor i 100% fast stilling frå 01.09.2019. Assisterande rektor skal delta i arbeidet med å leie skulen på ein forsvarleg, fagleg og pedagogisk måte. Assisterande rektor sin leiingsressurs utgjer 100 %. Noko undervisning kan bli lagt til stillinga. Assisterande rektor rapporterer til rektor.
Aktuelle arbeidsoppgåver
Leiar for eit av trinna på skulen
Personal- og elevarbeid
Leie og ta del i lærarane si læring og utvikling
Gjennomføring av skriftleg og munnleg eksamen
Vere ein pådrivar i arbeidet med innføring av fagfornyinga
Vere rektors stedfortreder
Timeplanarbeid
HMS-arbeid
Kommunisere tydelige mål og forventningar knytt til elevane si faglege og sosiale læring
Utvikle Ulstein ungdomsskule i tråd med Teknologiskulen Ulstein
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning med lærar- og skuleleiarbakgrunn
Det er ønskeleg med utdanning innan skuleleiing
Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk for skule og for kommunal og statleg sakshandsaming
Du har erfaring med systematisk skuleutviklingsarbeid
Du er kunnskapsorientert og har god innsikt innan forskning på skuleutvikling, og du evner å bruke denne kunnskapen i egen praksis
Du har gode dugleikar innanfor IKT og skuleadministrative system
Personlege eigenskapar
Du er ein tydeleg, synleg og lyttande skuleleiar
Du har eit godt elev- og menneskesyn
Du skapar gode relasjoner
Du har glimt i auge
Du er kreativ og løsningsorientert
Du har gode samarbeidsevner
Du kan identifisere deg med Ulstein kommune sine kjerneverdiar:
Nyskaping - Omsorg - Rausheit - Mangfald
Vi tilbyr
Ei spennande og utviklande stilling
Eit godt og profesjonelt arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Leon Romestrand, Rektor, 92850027
Arbeidsstad
Bakkegata 31
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenummer:4091246328
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.09.2019
Søknadsfrist: 16.06.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ulstein kommune, Ulstein ungdomsskule
Adresse
Bakkegata 31, 6065 Ulsteinvik
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. september 2019
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 17. juni 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4091246328_Ulstein kommune, Ulstein ungdomsskule_webcruiter
Stillingsnummer: 2e38f95a-712c-4c6b-ad09-13fcd298b1af